Utløpt

2. gongs utlysing: Avdelingsleiar 100% fast - Hjelteryggen skule

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
27.01.2020
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsoppgåver:

  • Tett samarbeid med rektor, leiargruppa og andre tilsette
  • Leie og delta aktivt i lærings- og utviklingsarbeid ved skulen
  • Det ligg 30% undervisning til stillinga
  • Leggje til rette for, og ta initiativ til eit godt samarbeid mellom heim og skule
  • Trinnansvar med personal-, elev- og resultatoppfølging
  • Samarbeide tverrfagleg med interne og eksterne tenester

 Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå arbeid som lærar i grunnskulen

 Ønskjeleg med:

  • Skuleleiarutdanning og erfaring frå skuleleiing er ønskjeleg

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar
  •  Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
  •  Gode samarbeidsevner
  •  Gode kommunikasjonsevner
  •  God arbeidskapasitet
  •  Fleksibel
  •  God evne til å bygge relasjonar til elevar, føresette og kolleager
  •  Evne til å skape eit trygt og motiverande læringsmiljø for elevar og tilsette
  •  God evne til å løyse komplekse utfordringar
  •  Å væra personleg eigna vert særskild vektlagt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst moglelg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Hjelteryggen skule er ein barneskule med ca. 180 elevar frå 1. – 7. klasse. Vi har og ei avdeling for born med ulike funksjonshemmingar i aldersgruppa 1.-10. klasse. Vi er lokalisert på austsida av Sotra, rett over Sotrabrua. Berekna reisetid frå Bergen sentrum er ca. 20 minuttar.

Sektor
Offentlig
Sted
SØRE KNAPPEN 4, 5355 Knarrevik
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

avdelingsleder, skole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siri Håland
Stillingstittel
Rektor
Telefon
55 09 79 04
Følg firma
321 følger dette firmaet

SØRE KNAPPEN 4, 5355 Knarrevik

Annonseinformasjon

FINN-kode 167911596
Sist endret 16. jan. 2020 12:30

Rapporter annonse