Utløpt

Pedagogstillingar i barnehagane i Voss herad frå 1.8.2020

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
06.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Voss herad søkjer engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse og med eit stort hjarta for barn. Me legg vekt på at barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje barna i Voss herad ein god barndom og eit godt grunnlag for vegen vidare i livet.

Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og mestringsopplevingar kvar dag i Vossabarnehagane.


Tilsetjingsprosessen

Du som vurderer, eller har søkt på stilling i Vossabarnehagen, er velkommen til informasjonsmøte på Voss Tinghus tysdag 4. februar kl. 17.00- 19.00. Her vil du få møte alle styrarane i Vossabarnehagane og få meir informasjon om den einskilde barnehage. Dette er ei felles lysing for alle barnehagane i heradet. Dersom du ynskjer å arbeida i ein spesiell barnehage, må du skrive det i søknaden eller du kan prioritere barnehage etter informasjonsmøte.


Om arbeidsstaden

Frå 1.1.2020 vart Voss kommune, Granvin herad og Oksenhalvøya til Voss herad. Det nye heradet har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad har om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.


Barnehagar i Voss herad

Det er 9 barnehagar i heradet og det blir etablert ein ny barnehage på Bolstadøyri frå august 2020.

Gå inn på heimesida til Voss herad for å finne informasjon om den einskilde barnehage.

Arbeidsoppgåver

* Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet

* Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med barn og foreldre/føresette

* Vera bindeledd mellom barnehage og heim og ulike faginstansar

* Førebu og gjennomføra oppstartsamtaler og foreldresamtaler

* Sørga for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø

* Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø

Me søkjer

Me har ledig både faste stillingar og vikariat som pedagogisk leiar og barnehagelærar i heradet.

Utdanning og kvalifikasjonar:

* Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar

Menn vert oppmoda om å søkja

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

Personlege eigenskapar

* Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar

* Du er ein tydeleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg

* Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeida, og du kan også jobba sjølvstendig

* Du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel

Me tilbyr

* Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell

* Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre

* Gode kollegaer og eit positivt barnehagemiljø

* Ein innhaldsrik kvardag med utfordringar og gode moglegheiter til å bruka seg sjølv og sine interesser

* Humor og glede i kvardagen

* Gode forsikrings- og pensjonsordningar

* Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Søk på Voss herad si heimeside.

Du er hjarteleg velkomen til informasjonsmøte tysdag 4.2.2020 kl.17.00 - 19.00 på Voss Tinghus.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
15
Sted
5701 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer,
Barnehage / Pedagogisk leder

Nøkkelord

Barnehage, Pedagog, Barn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frøydis Solbakk
Stillingstittel
Leiar for barnehage
Mobil
45 29 28 55
Følg firma
170 følger dette firmaet

5701 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 167904628
Sist endret 27. feb. 2020 11:56

Rapporter annonse