Utløpt

KFUK-KFUM Sogn og Fjordane søkjer programarbeidar (100%) fast stilling

Arbeidsgiver
KFUK-KFUM Norge
Stillingstittel
Programarbeidar
Frist
01.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Brenn du for å skape opne og trygge møteplassar for unge menneske? 

Ønskjer du ein verdibasert jobb der du kan bruke deg sjølv og dine eigenskapar?

Er du klar for å bli ein del av vårt nye team i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane?


OM KFUK-KFUM Sogn og Fjordane og samarbeid

KFUK-KFUM Sogn og Fjordane (heretter også kalla “krinsen”) har eit høgt aktivitetsnivå med eit breitt tilbod til dei ulike einingane, og mange arrangement i løpet av året. Krinsen eig Nesholmen leirstad, som er ein sentral samlingsstad. 

Krinsen går inn i ein spennende fase, og den som blir tilsett blir ein viktig del av det nye teamet i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane, saman med dagleg leiar.  


Frå 2020 vil KFUK-KFUM Sogn og Fjordane inngå eit samarbeid med Bjørgvin bispedømme med mål om å styrkje og utvikle ungdomsarbeidet i krinsen. Med utgangspunkt i unge sine lokale behov og interesser, skal programarbeidar, i samhandling med dagleg leiar og samarbeidspartnarar, utvikle og etablere eit framtidsretta og attraktivt programtilbod for barn og unge. I dette ligg m.a. arrangementstilbod for konfirmantar, samt leiartrening for ungdom i nær samhandling med kyrkjelydar i Sogn og Fjordane. Programarbeidaren vil byggje på etablerte tilbod til målgruppa, samtidig som det er ønskjeleg at den som blir tilsett har blikk for utviklingsarbeid og bidrar med nytenking. Vidare skal programarbeidar etablere gode samarbeidsformer mellom KFUK-KFUM og Den norske kyrkja lokalt, og bidra til mobilisering av frivillige knytt til KFUK-KFUM sine aktivitetar.


Sentrale oppgåver vil vere:

  • Gjennomføre vår strategiplan “KFUK-KFUM 2025” i lokal kontekst. 
  • Arbeide for vekst og utvikling i barne- og ungdomsarbeidet.
  • Ha ansvar for arrangement, leirar, kurs og leiartrening.
  • Vidareutvikle samarbeidsrelasjonar med bispedømmet og kykjelydar. 
  • Ansvar for å rekruttere, inspirere og rettleie frivillige leiarar og medarbeidarar.  
  • Nettverksbygging og formidling. 


Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, eller relevant dokumentert arbeidserfaring. 
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge team og relasjonar.
  • Gjennomføringsevne og erfaring med prosjektarbeid.
  • Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid.
  • Søkjar må arbeide i samsvar med KFUK-KFUM sin visjon, ideologi og verdiar.
  • Ha sertifikat klasse B/bil.
  • Søkjar bør kunne skrive nynorsk.


Rammer for stillinga:

  • Programarbeidar vil inngå i eit nytt og spennande team med dagleg leiar i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane.  
  • Det er ønskjeleg med kontorstad på KFUK-KFUM sitt krinskontor i Førde. (Kontorstad: Hafstadvegen 28 A, 6802 Førde)


Vi kan tilby:

  • Ein jobb med store faglege og personlege utviklingsmoglegheiter, og tilgang til alt av erfaringsgrunnlag, konsept, ressursmateriell og støttefunksjonar i KFUK-KFUM.
  • Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med ein del arbeid ettermiddag/kveld/helg, men med moglegheiter for å avspasere for eksempel i samband med rolegare periodar, t.d. i skuleferiar. 
  • Lønn etter KFUK-KFUM Norge sitt regulativ, med gode forsikrings- og pensjonsordningar.


Tilsetjing vil skje snarast råd, etter avtale med jobbsøkjar. Politiattest må leggjast fram.  

For meir informasjon, ta kontakt med programsjef Kristian Byfuglien Knapstad, tlf.: 470 26 436, eller styreleiar Roy Olav Hordvik, tlf.: 990 42 413.


Søknadsfrist: 01.02.2020

Om arbeidsgiveren

KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som kjempar for unge menneske sin rett til å leve og utvikle seg som heile menneske. Med våre 25.000 deltakarar og 400 grupper og verksemder over heile landet, er vi leiande på opne og trygge fellesskapar. I KFUK-KFUM kan unge menneske vere seg sjølve og stå opp for andre. KFUK-KFUM er en del av ei global kvinne- og ungdomsrørsle, nært knytt til YWCA og YMCA.

Føremålet til KFUK-KFUM er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Vi vil hjelpe menneske å leve og vekse i tru på Jesus Kristus og mellommenneskeleg forståing, samt utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
Hafstadvegen 28 A, 6802 Førde
Bransje
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Kurs og opplæring,
Omsorg og sosialt arbeid,
PR og informasjon

Nøkkelord

Programarbeid, Barne og ungdomsarbeid, kirke, Informasjonsarbeid, Kurs

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Byfuglien Knapstad
Stillingstittel
Programsjef
Mobil
47 02 64 36
Kontaktperson
Roy Olav Hordvik
Stillingstittel
Styreleiar KFUK-KFUM Sogn og fjordane
Mobil
99 04 24 13
Følg firma
181 følger dette firmaet

Hafstadvegen 28 A, 6802 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 167896190
Sist endret 27. feb. 2020 10:24

Rapporter annonse