Utløpt

Fellesutlysing lærarar skuleåret 2020/2021

Arbeidsgiver
Time Kommune
Stillingstittel
Adjunkt
Frist
02.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me ønskjer deg velkommen som søkjar til skulane i Time kommune!

Me er ein del av Jærskulen og søkjer lærarar og tilsette som vil vera med på ei spanande framtid. Fokuset vårt i alt me gjer skal vera: Korleis vil dette føra til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven?

Arbeidsoppgaver

Det vert arbeidd aktivt med ny læreplan som trer i kraft i 2020, og i dette samarbeider me som del av Jærskulen i partnarskap med ressurspersonar ved Universitetet i Stavanger. Hjå oss vil du vera del av eit kollegialt felleskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling.

I Time arbeider me med pedagogisk bruk av læringsteknologi. Me har lærebrett 1:1 (iPad) som verktøy i læringsarbeidet på alle trinn på skulane våre. Med oss vil du få vera med å utvikla morgondagens skule. Vår ambisjon er å leggja til rette for at alle våre lærarar skal utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse.

Klikk her for å få meir informasjon; 

Livsmeistring er viktig for å læra. Me er opptekne av å sikra elevane eit godt læringsmiljø der den enkelte elev blir teken på alvor og sett kvar dag. Dette er ei stor oppgåve som fleire må stå saman om. I Time gjennomfører me derfor med eit prosjekt som har tittelen Laget rundt læraren og eleven . Her er fokus å jobba førebyggjande. Viktige tiltak er å auka kompetansen til lærarane, auka ressurs av helsesjukepleiar på skulane, og at PPT er til stades på faste tidspunkt kvar veke. Saman med ressurspersonar på skulane skal ein finna og testa tiltak som kjem alle elevane til gode.  

Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.
I dag har me ni skular i kommunen. Av desse er tre ungdomsskular og ein skule er kombinert 1 - 10.

Hjå oss får du:
Arbeida saman med dyktige kollegaer i team
Arbeida på skular som er digitalt oppdatert
Rettleiing dei to første åra som nyutdanna
Tilbod om etter- og vidareutdanning

Skulebygga er gode og fleire er renoverte. Me er også i utbygging av ein ny ungdomsskule i samarbeid med Klepp som skal stå klar til skulestart 2021.

Faglege behov er grunnskulelærarar, allmennlærarar, lærarar med fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, naturfag, praktisk estetiske fag, spesialpedagogikk og pedagogisk bruk av læringsteknologi. 

De finn meir informasjon om skulane på nettsida til Time kommune.

Me krev politiattest for tilsetting i skulen.
                      

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


 


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.


Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Nøkkelord

barn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Pamela Sudmann
Stillingstittel
Skulesjef
Telefon
93 83 09 72
Følg firma
605 følger dette firmaet

Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 167029779
Sist endret 13. jan. 2020 10:09

Rapporter annonse