Utløpt

Lærar i Hå kommune

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Lærarstillingar frå august 2020
Frist
01.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Velkommen som søkjar til skulane i Hå kommune. Me er ein del av Jærskulen og søkjer lærarar som vil vera med på ei spanande framtid der fagleg fokus, læring og utvikling i eit kollegialt fellesskap er målet. Det vil verta ledige stillingar for lærarar i grunnskulen, faste og vikariat, frå 1.8.2020.

I dag har me til saman 9 skular. Me har to skular med berre ungdomstrinn, ein skule med 1. - 4. klasse, ein skule med 5. - 10. klasse, ein skule med 1. - 10. klasse og fire skular med 1. - 7. klasse. Dei fleste skulane ligg i kort avstand til jernbanen.

Hå kommune satsar på ei teknologisk utvikling. Alle elevane vil arbeida med Chromebook som verktøy i læringsarbeidet.


Kvalifikasjonar

Me søkjer grunnskulelærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar. Personleg engasjement, kreativitet og utviklingslyst er viktige eigenskapar som vi ønskjer hos våre medarbeidarar. Dersom du vil vera med i utviklinga av innhald, arbeidsmåtar og organisering av skule, er Hå ein spanande kommune å arbeida i.

Kommunen har eit omfattande program for kompetanseutvikling og har gode stipendordningar.

Søkjarar som ønskjer deltidsstilling må oppgje ønskja stillingsprosent. Ønskje med omsyn til fag og skule kan takast med i søknaden. For meir informasjon: www.ha.no, så "Barnehage/Skule", deretter "Skule".


Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.


Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.


Søknad sendast

Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling.

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Rådhusgata 8, 4365 Nærbø
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Adjunkt, Grunnlærer, Kontaktlærer, Jærskulen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Egil Sunde
Stillingstittel
Skulesjef
Mobil
47 51 19 93
Følg firma
202 følger dette firmaet

Rådhusgata 8, 4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 167024714
Sist endret 17. feb. 2020 14:12

Rapporter annonse