Utløpt

Landbruks-og energirådgjevar

Arbeidsgiver
NORSØK og Landbruk Nordvest
Stillingstittel
Landbruks-og energirådgjevar
Frist
24.01.2020
Ansettelsesform
Fast

Landbruk Nordvest og NORSØK søkjer i fellesskap etter landbruks- og energirådgjevar i 100 % stilling. Den som vert tilsett vil bli tilsett i 50 % stilling i Landbruk Nordvest og 50 % stilling i NORSØK.

Aktuelle arbeidsområde er:

- klimarekneskap, biogass og anna fornybar energi på gardsbruk

- utvikle og drifte ulike energianlegg og strukturere data frå anlegga

- kurs og omvisingar for ulike målgrupper

- utarbeide informasjonsmateriell

- utvikle og gjennomføre forskings – og utviklingsprosjekt

- jord og pantefaglege tema


Kvalifikasjonskrav for stillinga:

- Universitets- eller høgskuleutdanning med solid kunnskap innan fleire av fagområda fornybar energi, jord og plantefag, klima og miljø i landbruket

- god i skriftleg og munnleg norsk

- førarkort klasse B


Det vil telje positivt med:

- erfaring og kompetanse innan drift av energianlegg

- relevant erfaring innan formidling og rådgjeving

- god kjennskap til norsk landbruk

- erfaring med bruk av aktuelle planleggings- og analyseverktøy


Personlege eigenskapar:

- er motivert for prosjektarbeid og formidling

- stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne

- evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt

- positiv innstilling og gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter


Rådgjevaren vil arbeide tett opp mot resten av rådgjevarkollegiet i Landbruk Nordvest, i Norsk Landbruksrådgiving og fagmiljøet i NORSØK.


Den som blir tilsett må disponere eigen bil. Oppstart snarast mogeleg. Løn etter avtale.


Nærmare opplysningar om stillinga:

Landbruk Nordvest: avdelingsleiar rådgjeving Jon G. Lied tlf 41 44 87 79, eller dagleg leiar Rune Sjåholm tlf 41 90 00 31.

NORSØK: dagleg leiar Turid Strøm, tlf 40 76 99 22 eller forskar Ingvar Kvande tlf 93 01 51 57.


Søknad med CV, vitnemål og attestar vert å sende elektronisk til post(a)norsok.no


Søknadsfrist: 24.01.20.

www.landbruknordvest.no      www.norsok.no/

Om arbeidsgiveren

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat stifting som held til på Tingvoll på Nordmøre. Stiftinga sitt hovudmål er å fremje utviklinga av økologisk landbruk. NORSØK er eit nasjonalt kompetansesenter og arbeider for å nå målet gjennom forsking, utvikling, formidling og rådgjeving om økologisk landbruk og fornybar energi. NORSØK har eige biogassanlegg og driftar eit senter innan Sol- og bioenergi.

Landbruk Nordvest er ein medlemseigd organisasjon som tilbyr rådgjevings- og arbeidsformidlingstenester til landbruket i Møre og Romsdal. Landbruk Nordvest har om lag
1 300 medlemar, og har avdelingar i Ørsta, Valldal, Molde, Tingvoll, Surnadal og Aure.

Sektor
Organisasjoner
Sted
Gunnars veg 6, 6630 Tingvoll
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

Klimareknskap, Biogass, Miljø, Jord og plantefag

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Turid Strøm
Stillingstittel
Daglig leder NORSØK
Mobil
407 69 922
Kontaktperson
Rune Sjåholm
Stillingstittel
Dagleg leiar Landbruk Nordvest
Mobil
419 00 031
Følg firma
3 følger dette firmaet

Gunnars veg 6, 6630 Tingvoll

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 166730255
Sist endret 14. feb 2020 15:20

Rapporter annonse