Innkjøpar
- Arbeidsgiver
- Lerum AS
- Stillingstittel
- Innkjøpar
- Frist
- 15.01.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Vi har ledig fast 100% stilling i Innkjøpsavdelinga. Vi søker etter ein dyktig, kreativ, initiativrik og sjølvstendig - men lagspelande – innkjøpar til vår organisasjon.
Ansvarsområde/rolle:
· Ansvar for innkjøpskategoriar; forhandle kontrakt og leverandøroppfølging/-utvikling.
· Ansvar for oppfølging av samarbeidet med Etisk Handel Norge
· Samle inn pris- og marknadsdata.
· Revidering av leverandørar
Spesifikke kvalifikasjonar:
· Gode kunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
· Administrativ/økonomisk utdanning eller erfaring.
· Gode datakunnskapar og systemforståing.
Eigenskapar:
· Analytisk og systematisk.
· Sterk i kommunikasjon, både munnleg og skriftleg.
· Sjølvstendig, påliteleg og strukturert.
Andre vilkår:
· Løn etter avtale.
· Kontorstad i Kaupanger.
· Pensjonsordning og andre personalforsikringar.
Vi kan tilby fagleg utfordrande oppgåver i eit dynamisk miljø. Her er også gode moglegheiter for deg som er i starten av ei arbeidskarriere.
Våre verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert. Send inn din søknad om du har desse verdiane, og ønskjer å bidra i eit spanande og internasjonalt miljø.
Om arbeidsgiveren
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar.
I 2018 hadde Lerumkonsernet ein brutto omsetnad på 528 mill. kroner og 125 tilsette. Lerum ligg i saftbygda Sogndal i Sogn og Fjordane, i eit av dei beste frukt- og bærdistrikta i landet, og har også eit avdelingskontor i Asker.
Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRC, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Sted
- Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger
- Bransje
- Industri og produksjon,
- Matvareproduksjon og -industri,
- Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon
- Innkjøp/forhandling
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Helge Bondevik
- Stillingstittel
- Innkjøpssjef
- Mobil
- 91 14 62 60
Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger