Utløpt

Regional innkjøpsrådgivar

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Regional innkjøpsrådgivar
Frist
12.01.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Forsvarsbygg

Avdelinga for anskaffingar har det overordna ansvaret for alle anskaffingar som blir gjennomført i vår organisasjon.
Seksjon for rammeavtalar og innkjøp har ansvar for sentrale og regionale anskaffingar av rammeavtalar, i tillegg til rådgiving og gjennomføring av andre anskaffingar innanfor drift- og vedlikehaldsaktivitatene til Forsvarsbygg.

Innkjøpsrådgivar skal vareta den merkantile funksjonen i anskaffing-og innkjøpsarbeid og fungere som prosjektleiar for konkrete anskaffingprosjekt, i tillegg til å vere forvaltar og rådgivar.

Vi søker no etter ein innkjøpsrådgivar til eit vikariat ut mars 2021, med moglegheit for forlenging. Det er ønskeleg med snarleg oppstart.

Arbeidsstad vil vere Oslo. Stillinga rapporterer til leiar regionale innkjøp.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova - jamfør særleg offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.Forsvarsbygg.no

Arbeidsoppgåver

  • Leie gjennomføring og koordinering av anskaffingar av større omfang og verdi, frå behovsavklaring til konkurransegjennomføring, kontraktssignering og implementering
  • Gi råd til regionen i val av anskaffingprosedyrar og gjennomføring
  • Anskaffingsoppgåver på tvers av regionar
  • Delta i regionen si planlegging av prosjekter og tilhøyrande anskaffingar
  • Innhente kunnskap om leverandørmarknad og ha dialog med marknad, herunder vere nytenkande mhp. innovasjon
  • Ta hand om saksbehandlaransvaret i anskaffingar og andre merkantile saker og følge opp større avtalar og leverandørar
  • Vere ansvarleg for opplæring og kommunikasjonsarbeid knytt til eigen avtaleportefølje
  • Andre oppgåver som analyser, rapportering, kommunikasjon, deltaking i strategisk arbeid og prosjekter mm. vil også kunne bli lagt til i stillinga

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevante fag kan vere tekniske fag, økonomi og administrasjon, juridiske fag, offentlege anskaffingar og prosjektleiing.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå innkjøp og anskaffingar, prosjektleiing og/eller juridiske problemstillingar
  • Kjennskap til offentleg saksbehandling og tilhøyrande IT-system er ein fordel
  • Kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode koordineringsevner
  • Samarbeidsorientert
  • Analytisk og sjølvstendig
  • Høg gjennomføringsevne
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364 ) frå kr. 532 300,- til kr. 655 400,- (lønnstrinn 60-71). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Sted
Grev Wedels plass 5, 0151 Oslo
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling,
Prosjektledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

innkjøpsrådgiver,, økonomi,, innkjøp,, juridisk,, anskaffelser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oddgeir Ekerhovd
Stillingstittel
Fungerande leiar regionale innkjøp
Telefon
99 35 26 63
Følg firma
3062 følger dette firmaet

Grev Wedels plass 5, 0151 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 165467483
Sist endret 3. jan. 2020 12:21

Rapporter annonse