Utløpt

Testleiar

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Testleder
Frist
02.01.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Vi søkjer medarbeidarar til testleiing innanfor prosjekt av ulik storleik og kompleksitet.

I Helse Vest pågår det no ein digital transformasjon med innføring av nye system, konsolidering av systemportefølja og digitalisering av arbeidsprosessane. Det er mange spennande prosjekt både på klinisk og administrativt område, og vi har rusta oss godt med testverktøy og -metodikkar for å understøtte gode testprosessar. Fokuset vårt er retta mot å vidareutvikle fagområdet i Helse Vest - vi skal vere synonyme med kvalitet! 

Det vil verte gjennomført naudsynte kurs og opplæring ved tilsetjing, så nyutdanna med interesse for heile testprosessen oppmodast òg til å søke.
Relevant praksis/erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Arbeidsstad er Bergen, Haugesund eller Stavanger.

Kandidatar vert vurdert etterkvart som dei søker - ikkje vent med søknaden din!

Arbeidsoppgåver

  • Testleiing - testplanlegging og testgjennomføring i større og mindre IKT-prosjekt
  • Testrådgivning
  • Bidrag til videreutvikling av testmetodikk og -verktøy
  • Ein av stillingane vil i tillegg innebere ansvar og oppgåver med teknisk testing

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Kunnskap om testmetodikk
  • Sertifisering er ein fordel
  • Erfaring frå testleiing
  • Erfaring frå bruk av testverktøy til teststyring og -oppfølging
  • Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø
  • Kjennskap til systemportefølje i helsesektoren er ein fordel
  • Det er eit krav at du beherskar norsk skriftleg og munnleg

Du

  • er svolten på ei karriere innanfor testleiing
  • har leiaregenskaper
  • er strukturert, systematisk og nøyaktig
  • er målretta og resultatorientert
  • har evne til å motivere og følje opp
  • har gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team
  • er initiativrik og har evne til å arbeide sjølvstendig
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er nysgjerrig og har evne til å setje deg inn i nye områder
  • har interesse for å løyse utfordringar

Vi tilbyr

  • mulighet til å påvirke utviklinga i landets viktigaste sektor
  • deltaking i et særs kompetent fagmiljø med mange sertifiserte testleiarar
  • spennande oppgåver innanfor lokale, regionale og nasjonale prosjekt
  • fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag drygt 560 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 5527 Haugesund
  • 4016 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT utvikling / QA/Testing

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Saltnes
Telefon
97 54 26 97
Følg firma
824 følger dette firmaet

5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 165185421
Sist endret 9. des. 2019 13:41

Rapporter annonse