Utløpt

Oppmålingsingeniør - Plan og forvaltning

Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Stillingstittel
Ingeniør
Frist
04.01.2020
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer etter ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforminga av framtidas Sogndal kommune og som ønskjer faglege utfordringar innan by- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eininga for plan og forvaltning med 11 medarbeidarar med brei og høg kompetanse innanfor fagfelta vi forvaltar. Sogndal kommune vert slått saman med Leikanger og Balestrand kommunar frå 01.01.2020.

Stillinga vil ligge til eining for Plan og Forvalting i nye Sogndal kommune og utgjer ei av 3 oppmålingsingeniørstillingar i eit fagmiljø som omfattar oppmåling, byggjesak og plan. Den ledige stillinga er ei av to stillingar som fortrinnsvis skal ha kontorstad i Sogndal. Den tredje stillinga som oppmålingsingeniør på eininga vil i hovudsak ha kontorstad i

Balestrand, men skal fagleg og praktisk vere tett integrert i resten av eininga. Alle oppmålingsingeniørstillingane samarbeider nært med dei andre tenesteområda på eininga.

Stillinga dekkjer dei oppgåvene kommunen forvaltar innanfor oppmålingsfaget, i hovudsak oppmålingsforretningar, matrikkelføring, seksjonering, adressering og rettleiing til publikum.


 

Om arbeidsgiveren

Frå 1.1.2020 er Sogndal, Leikanger og Balestrand kommunar slått saman til ein kommune.
Det nye kommunenamnet er Sogndal kommune.

Innbyggarar i kommunen etter samanslåing er ca 12000.
Tilsette i kommunen ca. 1150.

Sektor
Offentlig
Sted
6856 Sogndal
Bransje
Eiendom,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Markus Mohn
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
57 62 98 27
Mobil
47 69 04 51
Kontaktperson
Eirik Røysi
Stillingstittel
Avd.leiar kart og oppmåling
Telefon
57 62 96 51
Følg firma
57 følger dette firmaet

6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 164957260
Sist endret 17. jan. 2020 18:08

Rapporter annonse