Utløpt

Byggesakshandsamar

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
100% stilling som byggesakshandsamar ved Bygg og kart/oppmåling
Frist
11.12.2019
Ansettelsesform
Fast

Saksnr.: 19/1153


Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

Frå og med 2020 blir Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune. Eit av føremåla med kommunesamanslåinga er å skapa sterkare kompetansemiljø innan tenestene.  


Stillinga omfattar arbeid med rådgjeving, tilsyn og sakshandsaming av konkrete byggeprosjekt. Ein vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. 


Ein vil samarbeida med våre øvrige byggesakshandsamarar og kollegiet på sektoren Kultur, Næring og Samfunn. Tilgrensande fagfelt omfattar mellom anna plan, geodata/oppmåling, naturmiljø, næring og landbruk. 


Ein vil vera fleksibel i høve til kvar det er mest praktisk for den nytilsette å ha fast oppmøteplass. I utgangspunktet ligg byggesak i Odda, men oppmøte i Kinsarvik eller Jondal kan òg vere aktuelt deler av veka.


Kvalifikasjonar for stillinga:

• Relevant høgare utdanning. 

• Eksempel kan vere ingeniørhøgskule med relevant studieretning, planleggarutdanning frå høgskule/universitet, naturviter- eller juristutdanning. 

• Kunnskap om plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter vil bli vektlagt. 

• Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli tillagt betydeleg vekt ved vurdering av kompetansekrav.


Egenskaper

• Ønske om å bidra til å utvikla nye Ullensvang kommune.

• Evne til å arbeida systematisk.  

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vert vektlagt.


Me kan tilby

• Fast stilling.

• Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).

• Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø. 

• Lønn etter avtale.

• Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår. 

Om arbeidsgiveren

Ullensvang er frå 2020 den nye kommunen i Hardanger med ca. 11500 innbyggarar. Odda by er regionsenter for indre Hardanger og Folgefonnhalvøya. Her er sjukehus, vidaregåande skole, vital industri, mangfald i næringslivet og godt utbygde kommunale tenester. I den nye kommunen har me eit rikt kulturliv, moderne idrettsanlegg og friluftstilbud av høg klasse. Kommunen opplever stor utvikling i næringslivet knytt til turisme, landbruk og industri.

Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siv M. Sekse
Stillingstittel
Verksemsleiar
Mobil
97 55 86 05
Kontaktperson
Kristian Bondhus-Jensen
Stillingstittel
Plansjef
Mobil
97 55 86 00
Følg firma
74 følger dette firmaet

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 164260991
Sist endret 8. jan. 2020 10:52

Rapporter annonse