Utløpt

Rådgivar (jurist), stabs- og støttefunksjonar knytt til kvalitetsregistersatsinga

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgivar (jurist), stabs- og støttefunksjonar knytt til kvalitetsregistersatsinga
Frist
02.01.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Det er ledig ein fast 100% stilling som rådgivar (jurist) ved Fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest.

Fagsenter for medisinske kvalitetsregistre er ei administrativ eining i Helse Vest som yter service til føretaka i regionen. Organisatorisk er senteret lagt til Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Bergen. Fagsenteret er tverrfagleg samansett med helsefagleg, statistisk, teknologisk, juridisk, økonomisk og annan samfunnsvitskapeleg kompetanse.

Helsetenesta fokuserer på kvalitet på dei tenestene som blir ytt. Tenestene er under kontinuerleg forbetring. Eit sentralt reiskap i dettearbeidet er innsamling av strukturerte opplysingar om diagnostikk, behandling,oppfølging og resultat i medisinske kvalitetsregister. Opplysingane nyttastfor å betre kvalitet på behandlinga og minske uønskt variasjon i helsetilbod ogbehandlingskvalitet.

Det er dei kliniske fagmiljøa sjølve som registrar opplysningar til register som eit ledd i at det ytas helsehjelp. Fagsenterets rolle er yteservice og rettleiing på eit overordna nivå, og å yte bistand til leiinga avregistra.

Vi søkjer etter ein ny medarbeidar (jurist) med god erfaring og kompetanse frå sakshandsaming, personvern, helselovgiving og avtalar.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgiving inn mot fagmiljøa for medisinske kvalitetsregistre særskild knytt til juridiske spørsmål, irekna personvern og personvernkonsekvensar (DPIA) samt utforming av retningsliner, rutinar, avtalar og vedtekter mv. Koordinere, følgje opp og forvalte denne saksporteføljen 
  • Generelt utgreiingsarbeid, saksførebuing, sakshandsaming og oppfølging av saker ved Fagseneret, samt strategi- og informasjonsarbeid, høyringssvar og oppgåveløysing i tverrfaglege team
  • Gi råd i samband med internkontroll og revisjonar
  • Samarbeid med personvernomboda i regionen og med Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre (SKDE)
  • Tidvis vil rådgivaren utføre andre arbeidsoppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon

                                                                                                                                                   

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning på mastergradnivå (jurist).
  • God kompetanse og erfaring frå juridisk arbeid og offentleg sakshandsaming er ønskjeleg
  • Kjennskap til personvern, forvaltningsrett, helselovgiving og avtalar vil bli positivt vektlagt
  • Kandidaten må kunne handtere norsk og engelsk svært godt, både munnleg og skriftleg. Særleg vil framifrå skriftleg framstillingsevne bli tungt vektlagt
                 

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Engasjert og resultatorientert
  • Serviceinnstilt og ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig og samtidig ein god teamarbeidar
  • Analytisk og flink til å prioritere 
                 

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs/opplæring
  • For særleg kvalifiserte søkjarar kan stillingskategorien spesialrådgivar vurderast
  • Lønn etter avtale
  • God pensjonsordning 
                          

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Armauer Hansens hus, Haukelandsveien 28, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Juridiske tjenester,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Rådgivning,
Saksbehandler

Nøkkelord

Jurist,, personvern,, saksbehandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Guldbrandsøy
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
55 97 55 59
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Armauer Hansens hus, Haukelandsveien 28, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 163706427
Sist endret 22. nov. 2019 10:05

Rapporter annonse