Utløpt

Unik og spennende mulighet som Integrasjonsarkitekt!

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Integrasjonsarkitekt
Frist
01.12.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Vi ser etter ein strukturert, analytisk,og metodisk person, som evnar å sjå heilskapen i eit svært komplekst systemlandskap!
Ein som ser samanhengen mellom forretningsprossessar og informasjonsflyt mellom systema, og som evnar å ha god kommunikasjon og dialog med alle interessentar.


Er du ein dyktig og engasjert person som vil bidra til ei betre og forenkla pasientbehandling? Evner du å jobbe med langtidsperspektiv innan ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit til å forme IT-løysingar for eit helsevesen for framtida?

Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet, der det kvar dag vert sendt hundretusentals av meldingar i samband med pasientforløp, både eksternt og internt. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra vorte heilt sentrale i dei kliniske arbeidsprosessane og påtrykket på utveksling av data mellom systema er enormt. Det pågår no ein digital transformasjon av helsevesenet, og behovet for digitalisering aukar eksponensielt

Prosjekta er mange og endringstakten høg, så Helse Vest IKT har derfor etablert eit integrasjonssenter med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i Helse Vest. Integrasjonssenteret har det heilskaplege koordinerings-, leveranse- og forvaltningsansvaret for integrasjonstenester, og er med sine 37 dyktige medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter innan integrasjon i helsesektoren.

Vi søkjer derfor no en dyktig og motivert integrasjonsarkitekt som kan bli med oss på denne reisa.

Som integrasjonsarkitekt vil du vere ein del av arkitekt- og utviklingsteamet i Integrasjonssenteret.
Du vil få direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar, som til dømes Vestlandspasienten.no, blir realisert. Du vil bli ein bidragsytar til internasjonale standardar innan helse. Som integrasjonsarkitekt skal du sørgje for at integrasjonane som vert brukt i spesialisthelsetenesta på Vestlandet held god kvalitet, samstundes som dei skal tole den raske teknologiutviklinga vi ser i dag. Hos oss får du ei moglegheit til å utgjere ein forskjell.

Arbeidsstad: Bergen, Haugesund eller Stavanger
Kandidatar vert vurdert etter kvart som dei søkjer.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i utvikling av strategiar og målarkitektur for integrasjonar i Helse Vest
  • Bidra til at utvikling av integrasjonar skjer i samsvar med gjeldande arkitekturmålbilde.
  • Utarbeide kravspesifikasjon og løysingsdesign for integrasjonar etter Volere metodikken.
  • Vere rådgjevar til både klinisk og teknisk personell
  • Delta aktivt i nasjonale prosjekt og samarbeidsarenaer

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arkitekturarbeid og prosjektarbeid i større organisasjonar
  • Erfaring med utarbeiding av både funksjonell og teknisk kravspesifikasjon
  • Kjennskap til, eller erfaring med teknologistandardar (XML, SOAP, REST, ebXML, BizTalk, etc)
  • Kunnskap og interesse for systemintegrasjon, samhandling og teknologi
  • Kjennskap til integrasjonsplattformer i større organisasjonar
  • Kjennskap til gjeldande integrasjonsstandardar innanfor helsetenesta er ein fordel
  • Kjennskap til systemportefølje i helsesektoren er ein fordel
  • Kjennskap til helsesektoren tel positivt
  • Relevant praksis/erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

Personlege eigenskapar

  • Du er ryddig og resultatorientert.
  • Du er initiativrik og glad i utfordringar og likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo.
  • Du er målbevisst og er opptatt av kvalitet i leveransane.
  • Du har gode relasjonelle eigenskapar, er ein lagspelar og serviceinnstilt.
  • Du har evne til å handtere mange ballar i lufta på ein gong
  • Du har god formuleringsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Eit nyskapande og kreativt miljø med høgt tempo
  • Gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg medarbeidartilfredsheit.
  • Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Sektor
Offentlig
Sted
Ibsensgate 104, 5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 5527 Haugesund
  • 4016 Stavanger
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell)

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steinar Aslaksen Hamre
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
91 35 63 69
Følg firma
820 følger dette firmaet

Ibsensgate 104, 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 163175966
Sist endret 14. nov. 2019 10:41

Rapporter annonse