Utløpt

Rådgiver/seniorrådgiver - jurist

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar - jurist
Frist
27.11.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ledig ein 100% fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i helse- og omsorgsavdelinga.

Kontorstad for stillinga vil vera Tønsberg.


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming tilsynssaker og rettighetssaker
  • Innsynsbegjæringar
  • Systemrevisjonar
  • Tvangssaker

 


Kvalifikasjonskrav
  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap.
  • Det er ønskeleg med god relevant fagleg innsikt i offentleg forvaltning.
  • Kompetanse og erfaring på helse- og omsorgsrettens områder tillegges stor vekt.

Personlege eigenskapar som vi vil sjå etter 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner.
  • Evne til å arbeidde sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode sosiale vilkår med fleksibel arbeidstid og pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna.)
  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar, stillingskode 1434/1364 normalt kr. 530 000 - 630 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.


Spørsmål om stillinga

Vi tar atterhald om endring av oppgåvene til stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort jf. offl. § 25, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste.

Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Embetet ynskjer å realisera målet til regjeringa  om at minst 5% av dei tilsette i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller avbrot i yrkeskarrieren.

Opplysningar om stillinga får du på førespurnad til ass. direktør Inger Tveit Espeland, tlf. 35586191/40404192 eller fagsjef Ingvild M. Ludviksen, tlf. 33372406.

Vi ber om at søknad, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sende elektronisk via jobbnorge.no. Referansar blir bedt oppgitt.


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er ein viktig rettstryggingsinstans. Vi har arbeidsoppgåver på ei rekke fagfelt, blant anna utdanning og oppvekst, helse og sosial,

miljø, landbruk, samfunnssikkerheit og beredskap og kommunal økonomi og forvaltning.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ca. 210 medarbeidarar. Vi har kontor i Tønsberg og Skien. Hovudkontoret er lokalisert i Tønsberg. 

Sektor
Offentlig
Sted
Anton Jenssensgate 4, Statens Park, bygg I, 3103 Tønsberg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist
Følg firma
304 følger dette firmaet

Anton Jenssensgate 4, Statens Park, bygg I, 3103 Tønsberg

Annonseinformasjon

FINN-kode 162950902
Sist endret 11. nov. 2019 15:26

Rapporter annonse