Utløpt

Psykolog

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Psykolog
Frist
08.12.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Bykle og Valle kommunar har totalt ca. 2200 innbyggarar. Kommunane har etablert felles helseteneste, der Bykle kommune er vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle har 21,5 årsverk innanfor legetenesta, helsestasjons- og skulehelsetenesta, fysioterapitenesta, jordmortenesta og psykisk helse- og rustenesta. Eit overordna mål for eininga er å levere tenester med høg kvalitet og god tilgjengelegheit. Helsetenesta har 3 kontor tilsaman i dei to kommunane. Psykologen har kontor alle 3 stadene.
Vi søkjer etter psykolog i eit årsvikariat. Stillinga skal bidra til å styrke det samla kommunale arbeidet på psykisk helse og rusfeltet og skal ha eit særskilt fokus på barn, unge og familiar. Psykologen vil vere knytt til den tverrfagleg samansette psykisk helse- og rustenesta og arbeidet vil vere prega av tverrfagleg samarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid retta mot alle aldersgrupper
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid
  • Rettleiing og samarbeid med faggrupper og profesjonar
  • Samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta
  • System- og planarbeid
  • Klinisk arbeid i enkeltsaker der kompleksiteten gjer dette naudsynt
  • Stillinga kan bli pålagt andre oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Relevant erfaring frå offentleg eller privat sektor
  • Interesse for eller erfaring frå arbeide med born, unge og familiar vil vera ein fordel
  • God digital kompetanse
  • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Søkjar må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som evne til samarbeid, fleksibilitet og sjølvstendigheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Kompetanseutvikling og deltaking i lokale og regionale fagnettverk
  • Kommunen vil vera hjelpsam med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • God pensjons- og forsikringsordning

 

Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste.

Det er krav om politiattest ved tilsetjing.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Helse og omsorg

Nøkkelord

Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heinz.Diehl
Stillingstittel
Tenesteleiar Helse
Telefon
41 44 99 88
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 162948775
Sist endret 11. nov. 2019 14:59

Rapporter annonse