Utløpt

Kontraktsrådgivar/Anskaffingsansvarleg

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Kontraktsrådgivar/Anskaffingsansvarleg
Frist
01.12.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Anskaffingsavdelinga er i sterk utvikling og har det siste året bygget opp ei betydeleg avdeling med solid kompetanse. Våre tenester er etterspurt og vi har behov for å rekruttere fleire dyktige personar som vil vere med på ei spennande reise.

Vi søker etter fleire kontraktsrådgivararar (merkantilt ansvarlege), som skal bistå med planlegging og gjennomføring av anskaffingar til investeringsprosjektane i Forsvarsbygg. Stillingane er plassert i seksjon kontrakt, som har det merkantile hovedansvaret for Forsvarsbygg si kontraktsportefølje. Kontraktsrådgivar vil ha ansvar for anskaffings-fagleg og juridisk rådgiving i Forsvarsbygg sine investeringsprosjektar, og vil jobbe tett på prosjektleiinga frå prosjektet blir etablert til bygget er ferdigstilt. Du vil få jobbe med allsidige og sammensatte problemstillingar innan offentlege anskaffingar og entrepriser, og vi ser etter deg som ønsker å vere ein pådrivar for betre og meir innovative anskaffingar gjennom effektiv samhandling og rådgiving samt ein strategisk tilnærming til leverandørmarkedet.

Arbeidsstad vil vere ved ein av våre lokasjonar i Oslo, Bergen, Harstad/Evenes, Trondheim eller Bardufoss. Ver vennleg og oppgi kva for ein lokasjon du ønsker å søke deg til. Det må påreknast ein del reisevirksomheit til våre prosjektkontor.

Anskaffingssavdelinga har det overordna ansvaret for alle anskaffingar som blir gjennomført i Forsvarsbygg, med tilhøyrande strategiar, prosedyrar, instruksar og malverk. I tillegg til å vareta forsvarleg forvaltning i anskaffingsprosessane og kontraktsgjennomføringa skal avdelinga vere ein pådrivar for betre anskaffingar gjennom meir effektiv samhandling, forbetre prosessar, strategisk innkjøpsleiing, utvikling av metodeverk og meir strategisk tilnærming til leverandørmarkedet på tvers av Forsvarsbygg sine einingar.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no

Arbeidsoppgåver

  • Fastsette kontrakts- og innkjøpsstrategiar i investeringsprosjekta
  • Rådgiving og utarbeiding av konkurransegrunnlag?
  • Gjennomføre planlagte anskaffingar?
  • Prosjektleiar med oppfølging av avtalar og leveransar, herunder håndtering av tvister?
  • Følge opp innkjøps- og kontraktsstrategiar?
  • Bidra til vidareutvikling av innkjøpskompetansa i avdelinga, og til øvrige avdelingar i Forsvarsbygg?
  • Bidra til utvikling av metodar for leverandøroppfølging og- utvikling?
  • Oppfølgning og kontroll

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå (jus, økonomi). Ønskeleg fagretning: rettsvitskap
  • Relevant erfaring innanfor områda anskaffingar og/eller entrepriser
  • Ønskeleg med erfaring med anskaffingar i investeringsmiljøer i større verksemd
  • Ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning og innsikt i offentlege anskaffingar
  • Ønskeleg med kjennskap til FOSA og særskilte behov som gjelder sikkerheitsgraderte anskaffingar
  • Ønskeleg med prosjekterfaring
  • Ønskeleg med markedskompetanse innanfor bygg- og anleggsindustrien
  • Må kunne bli tryggingsklarert opp til STRENGT HEMMELEG/COSMIC TOP SECRET

Personlege eigenskapar

  • Analytisk, strukturert og sjølvstendig
  • Samarbeidsorientert og ønske om å jobbe i tverrfaglege team
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) frå kr 583.900 - 813.400 (lønnstrinn 65-80). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter vurdering av kvalifikasjonar.
  • For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Utfordrande jobb i ein dynamisk organisasjon
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Grev Wedelsplass 5, 0151 Oslo
Flere arbeidssteder
  • 5173 Loddefjord
  • 9483 Harstad
  • 7045 Trondheim
  • 9325 Bardufoss
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Juridiske tjenester,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling,
Jurist,
Rådgivning

Nøkkelord

kontrakt,, anskaffelser,, investeringsprosjekter,, entrepriser,, innkjøpsstrategier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Morten Lindstad
Stillingstittel
Seksjonssjef kontrakt
Telefon
93 02 46 38
Følg firma
3066 følger dette firmaet

Grev Wedelsplass 5, 0151 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 162940183
Sist endret 11. nov. 2019 14:29

Rapporter annonse