Utløpt

2. gangs utlysning                             Vikar for fastlege/kommunelege

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
2. gangs utlysning Vikar fastlege/kommunelege
Frist
09.12.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Liker du utfordringar?
Eineståande sjanse til å få eitt år i vakre Setesdal - vi har fastlegevikariat med gode betingelser!
Er du interessert i allmennmedisin og er i LIS3-løp, eller er til og med spesialist i allmennmedisin, eller berre ønsker eit år i allmennpraksis frå annan jobb og har formell legevaktkompetanse - har vi ledig 13 mnd vikariat til fastlegestilling ved Valle legekontor i Setesdal!

Stillinga og kontoret:
Valle legekontor inngår i vertskommunesamarbeid med Bykle kommune som felles helsetenesta i Bykle og Valle. Bykle kommune har arbeidsgjevaransvaret. I stillinga er det fastlegeoppgåver ved Valle legekontor. Vikariat grunna svangerskap i 13 mnd frå dd.  Fastlønnet med ei liste på 600 pasientar. Vikaren vil ha ansvar for helsestasjon.
Beredskapslegevakt i distrikt med gode betingelser. 6-delt turnus. Vaktdistriktet er Valle og Bykle kommune. Valle legekontor har 2 fastleger og 1 LIS 1-lege. I medarbeidarstaben er det stor del sjukepleiarar. Kontoret er godt utstyrt.
Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 2 timar reiseveg frå sjukehus og ein god del problemstillingar blir løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Kjennskap til ortopedi er ein fordel, men ikkje nødvendig då relevant opplæring vil bli gitt. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk.
Kommunane har totalt 2 ØHD-senger på respektive sjukeheim i Valle og Bykle kommune. Legekontoret i Valle har helsesjukepleiar, fysioterapeut, jordmor og psykisk helse/rus i same bygg med godt samarbeid. Totalt er det 4 fastleger og 2 LIS1-leger i samarbeidet (fastlege og legevakt) med 3 lokasjoner; i Valle, i Bykle og på Hovden. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Fastlegefunksjon
  • Øyeblikkeleg hjelp på dagtid
  • Akuttmedisinske utfordringar som skadehandtering og liknande
  • Legevakt
  • Tverrfagleg samarbeid/offentleg helsearbeid
  • Arbeid med telemedisin
  • Fag/tenesteutvikling
  • Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Lege med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå allmennmedisin
  • Lege i spesialisering for allmennmedisin/LIS 3 eller spesialist i allmennmedisin eller anna formell kompetanse som er relevant for fagområdet
  • Kvalifisert til sjølvstendige legevakter
  • Må ha sertifikat for bil
  • Gode kunnskaper i norsk eller anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg
  • Politiattest må leggjast fram

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å samarbeide og evne til å arbeide sjølvstendig blir lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
  • Hektisk, spennande og utfordrande fastlege -og legevaktjobb
  • Gode samarbeidspartnarar
  • Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med Nord-Noreg-tillegget
  • Vi kan leggja til rette for nødvendig fagleg rettleiing i eit allmennspesialistløp.
  • Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
  • Storbyliv to timar køyreveg unna. Kommunen har personalbolig for utleia i Kristiansand.
  • Vi er behjelpelig med å skaffa bustad i Valle, men òg bustad i attraktivt tur- og skiområde om dette skulle vera interessant!

Andre opplysninger
Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler. 

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin

Nøkkelord

Allmenn, lege

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heinz.Diehl
Stillingstittel
Tenesteleiar Helse
Telefon
41 44 99 88
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 162924443
Sist endret 11. nov. 2019 11:00

Rapporter annonse