Utløpt

HMS-koordinator - spennande stilling i eit internasjonalt miljø!

Arbeidsgiver
Avery Dennison NTP
Stillingstittel
HMS-koordinator
Frist
15.11.2019
Ansettelsesform
Fast

Avery Dennison NTP ser etter ein HMS-koordinator i 100% fast stilling. Hjå oss får du utviklingsmoglegheiter gjennom utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø. Du rapporterar til Environmental Health & Safety Manager EMEA & South Asia, RBIS, og vil få god oppfølging i eit profesjonelt og godt arbeidsmiljø.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • vere pådrivar for å vidareutvikle ein god sikkerheitskultur i bedrifta
  • utforme og implementere sikkerheitsrutiner
  • støtte og gi opplæring innan HMS-relaterte områder
  • kontaktperson for HMS-relaterte spørsmål
  • dagleg HMS-tilsyn
  • avviksrapportering og avviksanalysar

Viktige kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • teknisk utdanning eller utdanning innan andre relevante fagområder
  • relevant arbeidserfaring kan dekkje opp for manglande formell kompetanse
  • arbeidserfaring frå industri
  • erfaring med HMS-arbeid er ein fordel
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Me søkjer deg som er påliteleg og fleksibel, som kan jobbe sjølvstendig, men samtidig vere ein del av eit team. Du må kunne ta initiativ, ha gode samarbeidsevner og kunne jobbe strukturert. Du kjem særleg til å samarbeide tett med leiarane i produksjonsavdelinga vår, men du rapporterer direkte til EHS Manager EMEA & South Asia, RBIS. Det er difor viktig at du føler deg komfortabel med engelsk som arbeidsspråk.

Me tilbyr ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar i eit solid selskap i stadig utvikling.

Me ynskjer deg med på laget so fort so mogleg!

Om arbeidsgiveren

Avery Dennison RBIS er ein global leiar innan kle- og skoindustrien, og er ein avdeling med over $ 1,5 milliardar i omsetning. Avery Dennison RBIS gir kreative og bærekraftige løysingar på merking av kle, og jobber stadig mot utvikling og effektivisering i heile den globale detaljhandelstilførselskjeda. Gjennom 115 lokasjonar fordelt på 50 land og 6 kontinent, server Avery Dennison RBIS store deler av verden.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
HMS

Nøkkelord

hms, risikoanalyse, avvikshåndtering, sikkerhetsstyring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siv Skulstad
Stillingstittel
HR Supervisor
Mobil
Vis telefonnummer

Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 162037997
Sist endret 13. des. 2019 16:00

Rapporter annonse