Utløpt

Fagingeniør brann

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Fagingeniør brann
Frist
18.11.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Avtale og eigedomsstyring inngår i eininga Eigedomsforvaltning i Forsvarsbygg. I dag har avdelinga ca. 40 tilsette og er lokalisert i Harstad, Hamar og Oslo. Avtale og eigedomsstyring skal følge opp forvalting, drift og vedlikehald og gi støtte ved teknisk internkontroll og tilstandsanalysar av eigedomsmassen. Avdelinga utarbeider prosedyrar og retningslinjer, slik at dei 6 regionane kan ta vare på eigedom, bygg og anlegg på ein einsarta måte over heile landet. Stillinga rapporterer til leiar for fagingeniørane og er lokalisert til Oslo, Hamar eller Harstad. Noko reisevirksomheit må påreknast.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25. Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no

Send søknad via vår rekrutteringsportal på www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til ein effektiv tenesteutføring og leveranse innan FDVU (Forvalting, drift, vedlikehald og utvikling).
  • Ta vare på fagansvaret inkludert overordna krav, direktiv, offentlege lover og forskrifter til fagfeltet, herunder også bidra til ein tilfredsstillande miljøsatsing for faget og sørge for god kontakt med myndigheiter.
  • Bidra innan teknisk internkontroll og tilstandsanalyse.
  • Løyse tildelte oppgåver i samband med internasjonale operasjonar.
  • Samarbeide med seksjonen sine medarbeidarar, og koordinere fagområdet.
  • Bidra til å oppdatere Forsvarsbygg sin prosjekteringsrettleiar.
  • Støtte regionane og andre i brannfaglege spørsmål og vurderingar.
  • Kvalitetssikre rammeavtalar innan brannfaget

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelor utdanning, eller teknisk fagskole med tilleggskompetanse
  • Ønskeleg med relevant erfaring frå forvalting, drift og vedlikehald av EBA (eigedommar, bygg og anlegg).
  • God kjennskap til tenestefeltet sitt omfang, utfordringar og problematikk.
  • Må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg/ Nato CONFIDENTIAL.

Personlege eigenskapar

  • Opptatt av fagleg utvikling 
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Analytisk 
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Nytenkande

Vi tilbyr

  • Lønn som senioringeniør kode 1181/ overingeniør kode 1087 frå kr. 627 700,- til kr. 679 000,- (ltr. 69-73). Endeleg lønnsplassering blir gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikring- og pensjonordningar i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste
  • Bustadlån i Statens Pensjonskasse
  • Meiningsfullt samfunnsoppdrag
  • Godt arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Sted
Grev wedels plass 5, 0151 Oslo
Flere arbeidssteder
  • 9406 Harstad
  • 2308 Hamar
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Brannsikkerhet

Nøkkelord

Ingeniør,, brann,, fagingeiniør, brann

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Magnar Næss
Stillingstittel
Leiar fagingeniørene
Telefon
92 09 76 56
Følg firma
3047 følger dette firmaet

Grev wedels plass 5, 0151 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 161971055
Sist endret 31. okt. 2019 15:24

Rapporter annonse