Utløpt

Styrar Vestly barnehage

Arbeidsgiver
Time Kommune
Stillingstittel
Styrar
Frist
04.11.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer

Styrar i 100% fast stilling i Vestly Idrettsbarnehage frå 01.01.2020. Stillinga er ei leiarstilling og vil ha hovudansvaret for drift av barnehagen.

Vestly idrettsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg 4 km aust for Bryne. Barnehagen har plass til 170 barn. For meir informasjon om barnehagen: http://www.minbarnehage.no


Styrar har ansvar for den faglege, administrative og økonomiske leiinga av barnehagen. Barnehagane er ein lærande organisasjon og ein målsetning om å væra ein barnehage av høg kvalitet. Barnehagen har ein idrettsprofil og styrer må arbeida i tråd med dette. Barnehagen er tilknytta UiS som øvingsbarnehage for studentar som tek barnehagelærar

utdanning.


Styrar må ha gode samarbeidsevner, fokus på fagleg utvikling og endringskompetanse. Styrar må arbeida målretta og strukturert. Styrar må ha gode relasjonelle ferdigheiter, sjå den enkelte medarbeidar og byggja gode team.


Arbeidsoppgåver - oppgåver knytta til administrasjon og utvikling av barnehagen

- Personal- og pedagogisk leiing

- Aktiv deltakar i møtefora som styrer-møter og leiarmøter oppvekst

- Administrasjon; lønn, ansettelser, sykefraværsoppfølging, rapporteringer og økonomi

- Oppfølging og etterlevelse av lovverk


Kvalifikasjonar

- Du har relevant utdanning fra høgskule/universitet (barnehagelærerutdannelse)

- Du har styrarskulen eller anna tilsvarande leiar utdanning

- Du har erfaring fra pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage

- Du har innsikt i forskning på barnehagefeltet

- Erfaring frå administrasjon og ledelse i ein stor barnehage

- Personlig egnethet vil bli vektlagt

- God skriftlig og muntlig framstilling på norsk

- God IKT-kompetanse


Me tilbyr

- Ein spennande jobb i ein kommune med ein helhetlig satsing på barn og ungdom

- Engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer med høg fagleg kompetanse

- Nettverk og erfaringsutveksling med andre styrarar i same region

- Assisterande styrar

- Mange møtepunkter for fagleg utvikling, medvirkning og nettverksbygging

- 100% stilling

- Lønn og tiltredelse etter avtale

- Gode pensjons- og forskringsordninger


Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.


Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.


Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.


Kontaktperson

Grethe Thu Skadberg, Fagsjef barnehage, tlf: 51776054, mobil: 97664328, Grethe.Thu.Skadberg@time.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Me skal gjera kvarandre gode er leveregelen vår. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.

Sektor
Offentlig
Sted
4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Barnehage / Styrer

Nøkkelord

administrasjon, leder, styrer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Grethe Thu Skadberg
Stillingstittel
fagsjef
Telefon
51 77 60 54
Mobil
976 64 328
Følg firma
305 følger dette firmaet

4340 Bryne

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 161083840
Sist endret 2. des. 2019 13:24

Rapporter annonse