Utløpt

SFO leiar Spildepollen skule

Arbeidsgiver
Nye Øygarden kommune
Stillingstittel
SFO leiar
Frist
28.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga

Spildepollen skule blir ein heilt ny 1 – 7-skule med flotte moderne læringsareal både inne og ute. Skulen skal vere innflyttingsklar november 2019. Skulen kjem til å huse ca 190 elevar og 30 tilsette.

Vi har ledig 100 % fast stilling som SFO leiar frå og med 01.09.2019. Stillinga er tillagt både leiing og minst

50 % arbeid på avdeling. Leiar av SFO har saman med rektor ansvar for at SFO vert dreven i tråd med retningslinjer, vedtekter og målsetjingar.


Oppgåver

Organisera og leie arbeidet på SFO før og etter skuletid

Delta aktivt i leiingsteam saman med rektor og avdelingsleiarar

Ansvar for det pedagogiske arbeidet på SFO

Administrativt arbeid

Arbeidsleiar for assistentar og fagarbeidarar

Syte for eit godt samarbeid mellom SFO og heim

Leie møter for assistentar og fagarbeidarar


Kvalifikasjoner for stillinga

Førskule- eller barnehagelærar

Pedagogisk utdanning eller anna relevant utdanning pa høgskule- eller universitetsnivå

Anna relevant utdanning og praksis kan vurderast

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Erfaring med SFO-arbeid og assistentarbeid i grunnskulen

Ønskjeleg med leiarerfaring

Ønskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogisk arbeid


Personlege egenskaper

Strukturert, ansvarsbevisst og tydeleg

Godt humør

Fleksibel

Høg arbeidskapasitet

Relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner


Me tilbyr

Høve til å få vera med til å byggja opp ein ny skule, ein skule som prioriterer

kompetanseutvikling, læringsfellesskap, tverrfaglegheit og eit utvida samfunnsansvar..

Høve til å veksa og utvikla seg i eit profesjonelt læringsfellesskap

Variert arbeid i positivt miljø

Løn etter gjeldande avtaleverk


Meir om søknaden

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på

tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.

Medlemskap i pensjonsordning. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.


Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader.


Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju




Om arbeidsgiveren

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert ein kommune frå januar 2020. Kommunen får
namnet Øygarden. Straume skal vera kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen)
med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Den nye kommunen vil få nærare
40.000 innbyggjarar og om lag 2 500 tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og
effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Nye Øygarden kommune har tilsett fem kommunalsjefar til områda Organisasjon og
digitalisering, Økonomi, Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn

Sektor
Offentlig
Sted
Skjenet 2, 5354 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer

Nøkkelord

leder, førskolelærer, SFO, Sfoleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Selheim
Stillingstittel
Rektor
Telefon
56 32 77 02
Følg firma
132 følger dette firmaet

Skjenet 2, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 160543326
Sist endret 26. nov. 2019 13:52

Rapporter annonse