Utløpt

Rektor Øygarden ungdomsskule på Rong

Arbeidsgiver
Nye Øygarden kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
03.11.2019
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga

Det vert no lyst etter rektor til Øygarden ungdomsskule


Om skulen:

Øygarden ungdomsskule har i underkant av 200 elevar og ligg på Rong i Øygarden.

Skulen legg vekt på å ha eit godt læringsmiljø der både elevar og vaksne trivst.

Både noverande og Nye Øygarden kommune er MOT kommunar.

MOT har ein sentral plass i skulen. Skulen er i dag elles organisert ved tre trinnteam med trinnleiarar.

Dei tilsette meiner at godt læringsmiljø og høg trivnad i sterk grad bidreg til dei gode resultata elevane oppnår. Godt arbeidsmiljø har og resultert i rekordlågt sjukefråver og eit særs stabilt personale. Viktige verdiar ved Øygarden ungdomsskule er å vere raus, ha tillit til sine tilsette, vere resultatorientert og å ha fokus på godt læringsmiljø for alle.


Arbeidsoppgåver

Leie og utvikle skulen

Leie og utvikle kollegiet

Bidra til utvikling og samarbeid på tvers av fag og einingar for å utvikle tenestene for innbyggjarane

Administrativ og økonomisk styring

Personaloppfølging


Kvalifikasjonar for stillinga

Minimum bachelorutdanning innan relevant fagområde

Pedagogisk kompetanse

Leiarutdanning/leiarerfaring helst frå ungdomsskulen eller vidaregåande skule

Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg


Andre Krav

Det er ønskjeleg med:

- erfaring innan personalleiing og økonomistyring

- erfaring innan organisasjonsutvikling 


Personlege egenskaper

Vi ønskjer ein rektor som:

-ser på dei tilsette som ressursar

-er ein god relasjonsbyggar

-tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen

-har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere

-har gode digitale kunnskapar og kan vere med på å utvikle skulen sitt digitale arbeid

-er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig

-er aktivt deltakande i samhandling og samskaping med dei andre skulane i regionen

-orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid, og som vil vere med å utvikle heile den nye kommunen i lag med andre


Søknad

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på

tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.

Medlemskap i pensjonsordning. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.


Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader.


Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju


Om arbeidsgiveren

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert ein kommune frå januar 2020. Kommunen får namnet Øygarden. Straume skal vera kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Den nye kommunen vil få nærare 40.000 innbyggjarar og om lag 2 500 tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet.
Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Nye Øygarden kommune har tilsett fem kommunalsjefar til områda Organisasjon og
digitalisering, Økonomi, Oppvekst, Helse og velferd i tillegg til Kultur og samfunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Skjenet 2, 5354 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

ledelse, skoleledelse, skoleleder, undervisning, rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne-Merete Vabø Haugane
Stillingstittel
Kommunalsjef oppvekst
Telefon
55 09 77 34
Mobil
40 08 54 96
Følg firma
132 følger dette firmaet

Skjenet 2, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 160541581
Sist endret 26. nov. 2019 13:36

Rapporter annonse