Utløpt

IKT konsulent systemdrift

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
IKT konsulent systemdrift
Frist
03.11.2019
Ansettelsesform
Fast

Kommunane i Hallingdal samarbeider om IKT-løysingar, tufta på felles innkjøp og drift av datasenter, programvare, maskinvare, interkommunalt nettverk (WAN) og telefoni-/kommunikasjonssystem. Løysingane vert drifta av IKT Hallingdal, som har utvikla seg frå eit samarbeid mellom dei IKT-tilsette i dei seks kommunane i Hallingdal, til ein interkommunal fagteneste med 16 tilsette samt lærlingar. IKT Hallingdal driftar IKT-løysingar for 5 000 tilsette og elevar. Det vert levert tenester til kommunale og interkommunale verksemder og over 20 skuler i regionen.

 

Vi søkjer IKT konsulent til 100 % fast stilling

 

Arbeidsoppgåver:

* Stillinga har hovudansvaret for drift av kommunane sitt ERP-system Visma Enterprise. Samarbeid med

fagansvarleg/systemeigar og faggrupper/brukargrupper.

* Planlagt vedlikehald, og oppdatering av hovudversjonar med og uten samarbeid med konsulent frå Visma.

* Dagleg drift og feilsøking/-retting ved avvik.

* Dokumentasjon av system, endringar, rutinar.

* Delta i prosjekt ved t.d. større endringar, nye modular og integrasjonar. PLP-metodikk vert nytta.

* Leiing eller deltaking i prosjekt med styring etter PLP-modellen.

* Gjennomføre eller delta i risiko- og sårbarheitsanalyser for IKT-leveransar og i prosjekt der kundane skal skaffe seg

nye eller endre eksisterande system.

* Ta del i andre driftsoppgåver ved IKT Hallingdal, slik som drift av virtuelt og fysisk datasenter, backup/restore,

serverdrift, nettverk og liknande.

 

Kvalifikasjonar:

* Relevant høgare utdanning, helst innanfor IKT/informasjonssikkerheit.

* Relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte krav om høgare utdanning

* Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne.

 

Ynskjeleg med erfaring med:

* Drift av fagsystem i større driftsmiljø.

* Basis Microsoft infrastruktur.

* Drift av Visma Enterprise eller anna ERP-system.

* Drift av Apache Tomcat.

* Offentleg og kommunal forvaltning.

* Iintegrering og bruk av sertifikat.

 

Vi ynskjer at du har:

* Gode kommunikasjonsevner med alle nivå i ein organisasjon, inkludert god dialog med både kunde/brukar so vel 

som teknisk personale

* Et fokus på å forstå behov og finne gode tekniske løysingar

* Nysgjerrighet på å lære meir om kva som gjer arbeidsprosessar enklare og sikrare

* Evne til å sjå heilskapen - skape logisk og effektiv arbeidsflyt ved bruk av tilgjengelege data.

 

Vi tilbyr:

* Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal.

* Moglegheiter for utvikling i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø.

* Fagleg rettleiing og mogelegheit for vidareutdanning.

* Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon.

* God pensjonsordning i KLP med gunstige forsikringsordningar.

* Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.


Send elektronisk søknad til Gol kommune via nettside: gol.kommune.no/Ledige stillingar

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

ikt, systemdrift, konsulent, it

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erling Torkelsgard
Stillingstittel
Dagleg leiar IKT Hallingdal
Telefon
32 07 86 05
Følg firma
21 følger dette firmaet

Gamlevegen 4, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 160539957
Sist endret 26. nov. 2019 13:44

Rapporter annonse