Utløpt

SJUKEPLEIAR FAST100 % STILLING VED SURNADAL SJUKEHEIM

Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
07.11.2019
Ansettelsesform
Fast

Surnadal sjukeheim har per i dag pr i dag 61 institusjonsplassar med langtidsavdelingar, demensavdeling og korttidsavdeling. Det er knytt ein observasjonspost til korttidsavdelinga, der vi m.a tek i mot pasientar som kjem frå sjukehus, palliative pasientar og andre med behov for sjukepleiefagleg hjelp i institusjon. I tillegg har vi eit institusjonskjøkken og eige vaskeri.

Vi er ein aktiv sjukeheim der kvalitetssikring av tenestene og heilheitleg pasientforløp har fokus.

Fagutvikling og kompetanseheving er kontinuerlege fokusområde. Vi har eigen fagutviklingssjukepleiar, samt eiga kvalitetsgruppe, som er pådrivarar for kvalitet i tenestene. Vi har spesialkompetanse innan palliasjon, psykisk helse, sårbehandling, demens- og kreftomsorg. Vi har vore med og vunne etikkpris for prosjektet Samhandling på siste vakt , der åndelege behov i livets sluttfase står sentralt. Refleksjonsarbeid som metode er i samband med dette satt i system som eit verktøy i arbeidskvardagen vår. Elles nyttar vi pr no Gerica som journalsystem, og praktiserer stille rapport. Vi har primærkontaktfunksjon for våre bebuarar. Døgnrytmeplana vår er tilrettelagt for mykje aktiviteter med pasientane. Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde, og vi ønskjer å ta i bruk gode løysingar retta mot sjukeheimsdrift i åra som kjem.


Godt arbeidsmiljø er viktig for oss, vi meiner at å ha det greit på arbeid er ei forutsetning for godt pasientarbeid og samarbeid i personalet. Målet er god trivsel, og å førebyggja arbeidsrelatert fråvær. Vi ansvarleggjer alle ansatte for å medverka til eit godt arbeidsmiljø. Vi har ei eiga arbeidsmiljøgruppe der ulike arbeidsmiljøtema blir drøfta og tiltak vurdert. Vi tenkjer at involvering, inkludering, respekt og likeverd er sentrale verdiar for eit godt arbeidsmiljø, og vi har utvikla vårt eige verdidokument saman med ansattgruppa som underbyggjer desse verdiane.


Nytt av hausten er at eksterne sjukepleiarar som takkar ja til 100% stilling ved sjukeheimen får tilbod om enten 90% jobb til 100% lønn, eller kr. 50.000,- som eingongsutbetaling 1.året.

Tilbodet gjeld 1.året ein er tilsett.


Kvalifikasjonar:

Vi søkjer etter personar med følgjande kvalifikasjonar:

- norsk offentleg autorisasjon som sjukepleiar eller du er i ferd med å bli ferdig utdanna sjukepleiar

- du kommuniserer godt på norsk og har god muntleg og skriftleg framstillingsevne

 

Arbeidsoppgåver:

- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar

- teamlederfunksjon og samhandling

- koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelseteneste

- veiledning og opplæring

- pleie og omsorgsarbeid

- planlegge og gjennomføre aktiviteter med pasientar

- dokumentasjon/ bruk av fagsystemet Gerica

- tverrfagleg samarbeid

- delta i refleksjonsgrupper

- legemiddelhandtering/ Multidose

 

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer oss deg som vil vere med å skape ein meiningsfylt og trygg kvardag for pasientane våre. Deg som ser verdien av heilheitleg og personsentrert omsorg opp mot betydninga av aktivitetar og mobilisering av pasientane sine ressursar.

Du brenn for faget ditt, tek ansvar og arbeider målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse.

Du framstår venleg og tillitvekkande, fleksibel, viser initiativ og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø, har pågangsmot, fokus på løysingar og gode samarbeidsevner.

 

Vi ønskjer både erfarne og nyutdanna velkomne til å søkje, også deg som fullfører utdanninga til til sommaren 2020. 

 

Vi tilbyr:

- det blir gjort ei indviduell vurdering av lønn i tråd med gjeldande avtaleverk

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- turnus med mulegheit for individuell tilpassing/ ønskje

- flyttegodtgjersle ihht. kommunen sin personalplan

 

 

Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før tiltreding.

 

 Søknad:

Surnadal kommune brukar VismaEasycruit som elektronisk rekutteringssystem. Søknader bli vurdert ut frå opplysningar søkarane legg inn i det elektroniske søknadsskjemaet.

Kopiar av attestar og vitnemål er først aktuelt ved eit eventuelt intervju.

 

 

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull

 

  Følg oss på Facebook @surnadalsjukeheim

 

 



Sektor
Offentlig
Sted
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Moe Kvendbø
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
Vis telefonnummer
Mobil
Vis telefonnummer

Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Annonseinformasjon

FINN-kode 160539874
Sist endret 26. nov. 2019 13:24

Rapporter annonse