Utløpt

IKT konsulent sikkerheit

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
IKT konsulent sikkerheit
Frist
03.11.2019
Ansettelsesform
Fast

Kommunane i Hallingdal samarbeider om IKT-løysingar, tufta på felles innkjøp og drift av datasenter, programvare, maskinvare, interkommunalt nettverk (WAN) og telefoni-/kommunikasjonssystem. Løysingane vert drifta av IKT

Hallingdal, som har utvikla seg frå eit samarbeid mellom dei IKT-tilsette i dei seks kommunane i Hallingdal, til ein interkommunal fagteneste med 16 tilsette samt lærlingar. IKT Hallingdal driftar IKT-løysingar for 5 000 tilsette og elevar.

Det vert levert tenester til kommunale og interkommunale verksemder og over 20 skuler i regionen.

Vi søkjer IKT Konsulent i 100 % fast stlling.

Arbeidsoppgåver:

* Ta initiativ til og delta i prosjekt for å verne om sikkerheita i kommunale system og verdikjeder. Prosjektleiing og styring etter PLP-modellen.

* Prioritering, gjennomføring og oppfølging av sikkerheitstiltak.

* Sette krav til og følge opp digital sikkerheit innanfor utvikling, forvaltning og drift av infrastruktur og fagsystem.

* Bidra med IT-sikkerheitskompetanse for tilsette/sluttbrukarar - i samarbeid med kundane sine ansvarlege for informasjonssikkerheit, systemeigarane og personvernomboda.

* Gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalyser for IKT-leveransar og i prosjekt der kundane skal skaffe seg nye eller endre eksisterande system.

* Dagleg drift av overvåkingsløysingar (trusselovervåking, monitorering av nettverk og infrastruktur).

* Dagleg drift av sikkerhetsprotefølje og nettverk (AV, FW, WAN m.v.)

* Ta del i andre driftsoppgåver ved IKT Hallingdal.

Kvalifikasjonar:

* Relevant høgare utdanning, helst innanfor IKT/informasjonssikkerheit.

* Relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte krav om høgare utdanning

* Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne.

Ynskjeleg erfaring med:

* Oppsett av brannmurreglar.

* Nettverk, slik som VLAN og oppsett av switch.

* Drift av autentiseringstenester som Radius og liknande.

* Produkt for endepunktssikring/klientsikring.

* Sikring av e-post (SPF, DKIM, DMARC)

* Integrering og bruk av sertifikat.


Vi ynskjer at du har:

* Gode kommunikasjonsevner med alle nivå i ein organisasjon, inkludert god dialog med både kunde/brukar so vel som teknisk personale

* Et fokus på å forstå behov og finne gode tekniske løysingar

* Nysgjerrighet på å lære meir om kva som gjer arbeidsprosessar enklare og sikrare

* Evne til å sjå heilskapen - skape logisk og effektiv arbeidsflyt ved bruk av tilgjengelege data.

Vi tilbyr:

* Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal.

* Moglegheiter for utvikling i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø.

* Fagleg rettleiing og mogelegheit for vidareutdanning.

* Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon.

* God pensjonsordning i KLP med gunstige forsikringsordningar.

* Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.


Send elektronisk søknad til Gol kommune via nettside: gol.kommune.no/Ledige stillingar

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / IT-sikkerhet

Nøkkelord

ikt, drifting av it systemer, konsulent, it, sikkerhet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erling Torkelsgard
Stillingstittel
Dagleg leiar IKT Halingdal
Telefon
32 07 86 05
Følg firma
21 følger dette firmaet

Gamlevegen 4, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 160516184
Sist endret 26. nov. 2019 09:32

Rapporter annonse