Utløpt

Framtidas helsetenester gjennom digitalisering

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Verksemds-/løysingsarkitekt
Frist
01.12.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Har du erfaring frå digitalisering og endringsarbeid som prosjektleiar, konsulent eller rådgjevar? Og brenner du for endring og teknologi?

Helsetenesta står ovanfor store utfordringar dei kommande åra. Dette inneber ein omfattande utvikling mot betre tenester, der innovasjon og digitalisering er ein av nøkkelfaktorane i endringsarbeidet. Les meir om den spennande satsinga i Helse Vest si strategiplan: Helse2035

Seksjon for Arkitektur og løysingsdesign utgjer eit solid fagmiljø av verksemds-/løysingsarkitektar som bidrar inn i endringsarbeidet i prosjekt og program. Våre medarbeidarar er sentrale i satsinga på nye og framtidsretta løysingar. Vi arbeider for å skape samanheng og ivareta heilskapen i endringsarbeidet. Vi skal mellom anna sjå brukarbehov, arbeidsprosessar og informasjon i samanheng med moglegheiter innan teknologi. Seksjonen inngår i Avdeling for Arkitektur, innovasjon og portefølje. Kompetanseutvikling og samarbeid står sentralt i avdelinga, og vår kultur for deling av kunnskap og erfaringar er høgt verdsett blant medarbeidarane. Lagarbeid i avdelinga, og i prosjekt, er ein føresetnad for å handtere kompleksiteten i endringsarbeidet.

Vi er i dag 29 dyktige og engasjerte tilsette i seksjonen og treng - likevel - å styrke laget. 

Arbeidsoppgåver
Som verksemds-/løysingsarkitekt vil du inngå som del av kjerneteamet for eit endringsprosjekt og ha eit nært samarbeid med prosjektleiar. Ditt fokus vil vere å levere arkitekturtenestar til prosjektet - mellom anna:

  • Gi råd ved utforming av mål og nytte av endring, samt sjå desse i relasjon til overordna mål
  • Kartlegge behovet til brukarar og andre interessentar, og ha dialog med disse gjennom endringsarbeidet
  • Kartlegge og beskrive noverande situasjon, framtidig/ønska situasjon, samt analysere gapet mellom dei to 
  • Bidra til at framtidig løysing vert vald ut frå eit heilskapleg perspektiv gjennom metodisk tilnærming
  • Følge opp implementering av vald løysing


Vi søker medarbeidarar som er sterke på

  • å sjå heilskap og samanhengar
  • samspelet mellom menneske, prosess, organisasjon, informasjon/data og teknologi/IKT
  • å sjå moglegheiter for bruk av teknologi/IKT
  • dialog og samarbeid og er motiverte til å jobbe i team
  • analytisk, metodisk og langsiktig arbeid
  • å ta initiativ og å finne løysingar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
    • Verksemds- /løysingsarkitektur i større/komplekse organisasjonar/prosjekt
    • Prosjektleiing/konsulentbistand/rådgjeving i større/komplekse IKT-prosjekt
    • Endringsarbeid innan helsesektoren
  • Arbeidsspråk er norsk, og søker må beherske norsk flytande (munnleg og skriftleg). I tillegg er det ønskeleg at ein beherskar engelsk.

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar innan eit strategisk satsingsområde
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø, samt motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
  • Løn etter avtale og medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

 

Andre opplysninger

Søknadsfrist er snarast, og søknader vil behandlast fortløpande.

Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger. Du må rekne med noko reising i samband med jobben. 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4016 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Systemarkitekt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Helland Kleppe
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
92 20 00 14
Følg firma
825 følger dette firmaet

5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 160464696
Sist endret 6. nov. 2019 15:32

Rapporter annonse