Utløpt

Pedagogisk leiar 100% vikariat i Hamramyra barnehage

Arbeidsgiver
Nye Øygarden kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
31.10.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Kort om stillinga

Det vert no lyst etter pedagogisk leiar til eit 100% vikariat frå 16.01.2020 til 26.01.2021 i Hamramyra barnehage.

Hamramyra bhg er ein ny 6 avdelings barnehage med flotte fasilitetar, kjøken og bad tilknytta kvar avdeling. Vi har eit stort fellesrom, der barna har god plass til å utfalde seg. Eigen personalfløy med møterom og flotte arbeidsplassar.

Satsingsområdet vårt er sosial kompetanse og vi jobbar med COS, Dei utrolege åra og Dinoskule. Barnehagen grensar til eit spannande friområde med flott skogsterreng, vatn, sjø, idrettsalegg og fotballbanar.

Ved internt opprykk vert det ledig barnehagelærarstilling.


Oppgåver

Ansvar for å leia barnegruppa, samarbeida tett med foreldre og vere arbeidsleiar for personalet på eiga avdeling

Ansvar for det pedagogiske arbeidet med planlegging, gjennomføring og dokumentasjon, i tett samarbeid med øvrig personal

Pedagogisk leiar er ein del av styrar sitt leiarteam og har ei sentral rolle i å utvikla Hamramyra barnehage for framtida


Kvalifikasjoner for stillinga

Barnehagelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage


Andre Krav

Godkjent politiattest må leggast fram ved tiltreding.


Personlege egenskaper

Du er tydeleg, raus, inkluderande og ein inspirerande arbeidsleiar

Du må lika utfordringar og vera endringsvilleg

Du er ein positiv person med godt humør, og som har evne til å inspirera og motivera

Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeida med andre

Du er ansvarsbevist, sjølvstendig og løysingsorientert

Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis og er helsemessig skikka for stillinga


Meir om søknaden

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på

tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.

Medlemskap i pensjonsordning. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.


Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.

Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader, jf.barnehageloven § 19, jf. politiregisterloven § 39 første ledd. 


Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju.



Om arbeidsgiveren

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert ein kommune frå januar 2020. Kommunen får
namnet Øygarden. Straume skal vera kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen)
med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Den nye kommunen vil få nærare
40.000 innbyggjarar og om lag 2 500 tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og
effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Nye Øygarden kommune har tilsett fem kommunalsjefar til områda Organisasjon og
digitalisering, Økonomi, Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Skjenet 2, 5354 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Nøkkelord

pedagog, barnehage, pedagogiskleiar, barn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vivian Ones Ekerhovd
Stillingstittel
Styrar
Telefon
55 09 62 01
Følg firma
132 følger dette firmaet

Skjenet 2, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 160133606
Sist endret 22. nov. 2019 10:16

Rapporter annonse