Osterøy kommune treng fleire miljøterapeutar!
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Frist
- 07.11.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Kort om stillinga
Bu og avlastingstenesta treng 3 miljøterapeutar i fast 100% stilling frå 01.01.20.
Turnus er lagt opp med langvakter og nokre kortvakter med arbeid kvar 4. helg.
Me søkjer etter deg som ynskjer å jobba med personar med utviklingshemming og andre utfordringar.
Du må vera opptatt av å jobba målretta og å sikra at bebuar får nødvendig og kvalitativt gode tenester i henhold til lovar, retningslinjer og vedtak.
Arbeidsoppgåver
Fagleg ansvar rundt bebuar.
Primærkontaktansvar.
Koordinering av tenester opp mot aktuelle instansar.
Arbeid knytt til Lov om Helse og omsorgstenester, Kap. 9.
Legemiddelhåndtering.
Veiledningsansvar.
Utarbeiding og oppfylgjing av prosedyrer.
Utarbeiding av tiltak og habiliteringsplanar.
Kompetanse
Vernepleiar, men andre med 3-årig helse-og sosialfagleg utdanning kan og søkja.
Erfaring med brukargruppa.
Du må ha god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Du ma ha eit fagleg engasjement.
Du må vera omsorgsfull, lojal og påliteleg.
Du må vera god på kommunikasjon.
Du må kunna jobba målretta og strukturert.
Du må vera løysingsorientert.
Du må kunna jobba sjølvstendig så vel som i team.
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Lønn etter tariff.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Anna
Dersom du får tilbod om stilling må du leggja fram politiattest som ikkje er meir enn 3 mnd.
Førerkort klasse B er ynskjeleg.
Kommunen har 6 mnd prøvetid etter tilsetting.
Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.
Kontaktperson
Eva-Kristin Fanebust, Vernepleier, mobil: 47399730, eva-kristin.fanebust@osteroy.kommune.no
Torild Skaftun Høylo, Avdelingsleder Bu og avlasting, mobil: 40807250, torild.hoylo@osteroy.kommune.no
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- 5282 Lonevåg
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Miljøterapeut, vernepleier, avlastning, langvakter, Bergen
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Eva-Kristin Fanebust
- Stillingstittel
- Konstituert avdelingsleiar
5282 Lonevåg