Utløpt

Me søkjer 2 rådgjevarar innan to ulike fagfelt til avdeling for samfunn- og landbruksforvaltning

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Klima- og miljørådgjevar og rådgjevar samferdsel, kontroll
Frist
20.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Me søkjer ein ein klima- og miljørådgjevar og ein rådgjevar/saksbehandlar for samferdsel, utbygging og kontroll til avdeling for samfunn- og landbruksforvaltning.

Stillingane vil by på mange interessante utfordringar innan aktuelle fagområder og samarbeid med andre fagmiljø.


Klima- og miljørådgjevar

Arbeidsoppgåver:

- Utarbeiding og oppfølging av kommunen sin energi- og klimaplan, samt generelt arbeid med energi- og klimasaker.
- Behandle forureiningssaker; grunnforureining, landbruksforureining og forsøpling.
- Tilsyn og kartlegging av forureiningssituasjonen i kommunen.
- Andre forvaltnings- og myndighetsoppgåver etter naturmangfaldlova, forureiningslova m.m.
- Generell rådgivning og rapportering innan fagfeltet klima, miljø- og naturforvaltning
- Tilrettelegging for og oppfølging av tiltak innan friluftsliv
- Andre oppgåver etter avtale med leiar for samfunn- og landbruksforvaltninga
- Samhandling med øvrige avdelingar og tenester

Kvalifikasjonar:

- Utdanning frå universitet eller høgskole dvs. mastergrad ev. bachelor innafor teknisk naturvitenskapelege fag. Anna utdanningsbakgrunn kan vera interessant dersom du har lang og relevant praksis.
- God kjennskap og erfaring med kvalitetssikring og rutineutvikling innan forureiningsfeltet.
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.


Rådgjevar/saksbehandlar for samferdsel, utbygging og kontroll

Rådgjevar/saksbehandlar ivaretar kommunen sitt ansvar etter veglova, vegtrafikklova, plan- og bygningslova, parkeringsforskrifta og har ansvar for saksbehandling av alle saker, som faller under ansvarsområdet


Arbeidsoppgåver:

- Forvaltningsoppgåver knytta til kommunen sitt vegnett (trafikksikkringsplan)
- Planlegging av vegvedlikehald i tett samarbeid med avdelingsleiar for drift
- Forvaltning av Parkeringsforskrifta, koordinering med eksterne samarbeidspartnere
- Koordinering, godkjenning og oppfølging av tekniske planar
- Kommunikasjon med private utbyggjarar i samband med godkjenning av tekniske planar
- Andre oppgåver etter avtale med avdelingsleiar for samfunn- og landbruksforvaltninga
- Samhandling med øvrige avdelingar og tenester


Kvalifikasjonar:

- utdanning som ingeniør (transport/bygg og anlegg) eller jurist. Anna utdanning eller manglende formell utdanning, kan kompenserast med lang og relevant praksis
- god kjennskap til veglova, vegtrafikklova, plan- og bygningslova,og anna relevant lovverk
- kjennskap til offentleg forvaltning
- ein må vera personleg egna for stillinga, og dette vil det bli lagt stor vekt på
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne


Begge stillingane krever at ein har desse eigenskapane:

- Er sjølvstendig og effektiv
- Systematisk og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er engasjert, løysingsorientert og taklar høgt arbeidstempo
- Høg fagleg integritet og rolleforståing


Me tilbyr

Lønn etter avtale
Positive medarbeidarar
Fleksibel arbeidstid
God pensjonsordning
Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling




Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Sted
ARNE GARBORGS VEG 30, 4340 Bryne
Bransje
Offentlig administrasjon,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

klima, miljø, landbruk, rådgiver, samferdsel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nedzad Suljanovic
Stillingstittel
Verksemdsleiar
Telefon
41 27 96 65
Følg firma
601 følger dette firmaet

ARNE GARBORGS VEG 30, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 159148758
Sist endret 21. okt. 2019 00:08

Rapporter annonse