Utløpt

Konsulent dokumenthåndtering

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Konsulent dokumenthåndtering
Frist
07.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Økonomi og HR-avdelinga i Helse Vest IKT har ledig stilling som konsulent for snarleg tilsetjing.

Hovudoppgåva vil vere dokumenthandtering, saksarkiv, kontraktsarkiv, personalarkiv, bestilling, fakturakontroll og avtaleoppfølging. Vi ser etter ein medarbeidar som har kunnskap om saks- og kontraktsarkiv, samt handsaming og kontroll av faktura.

Det er viktig for oss at du har god forståing for ansvarsområdet ditt, har auge for service på tvers av organisatoriske grenser, godt humør og trivst i ein organisasjon i endring. 

Arbeidsoppgåver

  • Superbrukar i dokumentsystem
  • Oppfølging av dokumenthandtering 
  • Fakturakontroll og avtaleoppfølging
  • Bestilling av varer og tenester
  • Inn- og utgåande post
  • Møtefasilitering 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskulenivå innanfor administrasjon, arkiv/dokumentasjon 
  • Røynsle frå bruk av dokumentsystem, gjerne ePhorte/Elements
  • Bruk av relevante IKT-verktøy og god brukar av MS-Office
  • Røynsle frå bruk av kontraktsystem
  • Røynsle frå bestilling og fakturahandsaming 

Personlege eigenskapar

  • Du blir sett på som ein sjølvstendig og initiativrik person
  • Særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Arbeider strukturert og nøyaktig 

Vi tilbyr

  • Gode høve til fagleg og personlig utvikling
  • Motiverte og kunnskapsrike kolleger
  • Godt sosialt miljø
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar 

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag drygt 560 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Ibsensgate 104, 5052 Bergen
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Dokumentasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Leif Nordland
Stillingstittel
Økonomisjef
Telefon
90 66 26 30
Følg firma
827 følger dette firmaet

Ibsensgate 104, 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 158266414
Sist endret 20. sep. 2019 15:07

Rapporter annonse