Utløpt

Vil du vere del av kommunepsykologtenesta i Alver kommune?

Arbeidsgiver
Radøy kommune
Stillingstittel
Kommunepsykolog
Frist
13.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Stillingsinformasjon

Kommunane Radøy, Meland og Lindås slår seg saman til Alver kommune frå 1. januar 2020, og nye Alver kommune søkjer psykolog til til si kommunepsykologteneste. Psykologen vil inngå i eit team av 4 psykologar som arbeider for å styrke kvalitet i kommunen sitt heilhetlige arbeid innan psykisk helsearbeid og rusvern. Den ledige stillinga skal ha hovedfokus på barn og unge, men vil og inngå som ein del av det samla tilbodet til heile befolkninga.
Pr. i dag består tenesta av ein psykologspesialist med fokus på tilbod til vaksne samt tre psykologar som har hovedfokus på barn og unge. Lågterskeltilbodet er retta mot personar med risiko for å utvikle, og/ eller har utvikla problem knytt til psykisk helse og eller rusbruk.

Om arbeidsstaden

Kommunepsykologane er formelt organisert i kommunen si avdeling for psykisk helse og rus og har kontorstad i Knarvik nord for Bergen. I løpet av 2020 vil tenesta være samlokalisert med spesialisthelseteneste, legar og andre kommunale tenester i Helsehuset. Ein må pårekne noko arbeid på andre driftskontor i kommunen.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Arbeidet vil rette seg mot individ, familiar, pårørande, grupper og i nokre høve heile befolkninga. Vidare skal psykologen bidra med rettleing inn mot kommunen sine verksemder, team og helsepersonell. Den som vert tilsett vil vere med på å utvikle kommunepsykologtenesta i den nye kommunen. Psykologen må kunne ta del i nettverket for psykologar i regi av Fylkesmannen og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

Kvalifikasjonskrav

Det søkast etter ein engasjert psykolog med erfaring frå klinisk arbeid og systemarbeid. Den som vert tilsett må ha stort engasjement for barn og unge si psykiske helse, samt ha gode evnar til tverrfagleg samarbeid. For arbeidet er det og ei føresetnad at du har førarkort klasse B, og kan disponere eigen bil ved høve. Det er krav om norsk autorisasjon. Vidare er det er krav om gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vert tillagt avgjerande vekt.

Vi kan tilby

Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. Samt at vi vil legge til rette for kompetanseheving i form av spesialisering.

Politiattest

I tråd med helsepersonellovgjevnad vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Om arbeidsgiveren

Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune! Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ei av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

psykolog, kommunepsykolog, psykiatri, rus, psykisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeke Angelskår Erstad
Stillingstittel
Tenesteleiar psykisk helse og rus Alver
Telefon
92 22 45 99
Kontaktperson
John Petter Wadseth
Stillingstittel
Fagansvarleg kommunepsykolog Alver
Telefon
94 51 18 54
Følg firma
38 følger dette firmaet

5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 158245505
Sist endret 14. okt. 2019 00:07

Rapporter annonse