Utløpt

Vil du vere ein del av vårt leiarteam?

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Undervisningsinspektør - Knarvik barneskule
Frist
14.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Knarvik barneskule

Skulen vår er heilt nybygd og ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg midt i Knarvik. Vi tok skulen i bruk i mai 2019 og den framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt læringsmiljø for elevane. Til skulen ligg og Læringssenteret, eit senter som gjev eit tilpassa undervisningstilbod for elevar med særlege behov frå heile Nordhordland. Samla har i dag ca 280 elevar og eit personale på vel 40.

 

Vil du vera ein del av vårt leiarteam?

Frå 1.2.20 har vi ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør. Du er ein del av skuleleiinga og arbeider til dagleg med å legga til rette for undervisning og læring. Leiarteamet vårt består av rektor, to inspektørar knytt til skule, ein inspektør knytt til Læringssenteret og SFO-leiar.

 

Arbeidsoppgåver

I tillegg til leiaroppgåver og administrative oppgåver ligg det undervisningsplikt til stillinga på omlag 50 %. Administrative oppgåver vil mellom anna vera oppfølging av elevsaker, timeplanar og ansvar for vikar-arbeidet. Til leiaroppgåvene ligg oppfølging av eit lærarteam, vikar- og personaloppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid. Du deltar i skulen si utviklingsgruppe og deltar på kommunen sine skuleleiarsamlingar.

 

Kompetanse

  • Godkjent undervisningskompetanse.
  • Minimum 3 års undervisningskompetanse frå barneskule.
  • Leiarutdanning og gjerne leiarerfaring frå skule
  • Erfaring med fleksibel organisering rundt tilpassa opplæring.

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi søkjer etter ein strukturert, fleksibel og entusiastisk medarbeidar med gode samarbeidsevner, innsatsvilje, gode faglege kvalifikasjonar og interesse for pedagogisk utviklingsarbeid. Du bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk, god skriftleg og munnleg formidlingsevne og god kommunikasjonsevne opp mot elevar, føresette og medarbeidarar.

Denne stillinga krev tilfredsstillande politiattest  jf. opplæringslova.

 

Vi tilbyr

  •  Ei inspektørstilling med leiaransvar på ein skule med eit engasjert og utviklingsorientert miljø.
  •  Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  •  Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.

 

Søknad

Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du har behov for hjelp med registrering, kontakt personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg ca 30 min med bil frå Bergen sentrum. Regionsenteret har god kollektivdekning via buss eller snøggbåt.

Alver kommune har mål om å vere eit kraftsenter i regionen, og ein viktig samarbeidspart for bykommunen Bergen. Vi treng engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
5914 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

utvikling, moderne

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terje Hugo Aarvik
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 37 52 14
41 32 74 83
Følg firma
66 følger dette firmaet

5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 158209624
Sist endret 15. okt. 2019 00:07

Rapporter annonse