Vil du jobbe med informasjon om utanlandsk utdanning?
- Arbeidsgiver
- NOKUT
- Stillingstittel
- Rådgiver/seniorrådgiver i seksjon for informasjon om utenlandsk utdanning
- Frist
- 29.09.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Seksjonen har hovudansvar for informasjon og rettleiing om godkjenning av utanlandsk utdanning til søkjarar, arbeidsgivarar, lærestader, integreringsapparatet og samfunnet elles, og seksjonen jobbar no aktivt med å styrkje og profesjonalisere oppgåvene knytte til publikumskontakt og assistansesenteret. Vi svarer årleg på over 12 000 spørsmål på e-post, telefon eller ved personleg oppmøte, og vi har som mål å redusere mengda spørsmål og søknadar ved at personar med utanlandsk kompetanse og andre brukarar av tenestene våre får tilgjengeleg og tilstrekkeleg informasjon om kva utanlandske kvalifikasjonar svarer til i det norske utdanningssystemet. NOKUT er assistansesenter for yrkeskvalifikasjonsdirektivet, og seksjonen vår gjer dette arbeidet. Frå 2020 får vi óg ansvaret for saksbehandling for godkjenning av utanlandske pedagogiske yrke.
Arbeidsoppgåver
Seksjonen har ein brei og variert arbeidsportefølje. Den som vert tilsett forventast å bidra til dette arbeidet. Arbeidsoppgåvene i seksjonen inkluderer:
- Rettleiing av NOKUTs brukarar, samt representantar frå kunnskaps- og utdanningssektoren og integreringsfeltet, om godkjenningsordningane i Noreg
- Vidareutvikling av prosessane og tenestene våre, medrekna digitaliseringa av NOKUTs informasjonsoppgåver
- Oppfølging av dei daglege rutinane for utskriving av europeisk profesjonskort for ikkje-regulerte yrke
- Oppfølging av dei daglege rutinane for betening av varslingsmekanismar for personar som har mista autorisasjon eller blitt dømt for bruk av falske dokument
- Digitale verkemiddel skal leggje til rette for større grad av hjelp til sjølvhjelp for brukargruppene våre, og om du blir tilsett er det forventa at du bidrar til dette arbeidet
- Saksbehandling av søknadar om godkjenning av utanlandsk utdanning
- Eventuelle andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
- Har høgare utdanning på minst mastergradsnivå
- Er god i norsk og engelsk, og kunne bruke begge som arbeidsspråk
- Har minst to års erfaring frå tilsvarande arbeid innan offentlege informasjonstenester, gjerne frå verksemder innan kunnskaps- og utdanningssektoren eller integreringsfeltet
- Har gode IKT-kunnskapar, medrekna god kjennskap til Office-pakken
Det er ein fordel at du har
- Kjennskap til Public 360, Pureservice og/eller EUs saksbehandlingssystem IMI
- Erfaring med digitaliseringsprosjekt innan relevante arbeidsområde
- Kompetanse i fleire språk enn norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som brenn for rettleiing og publikumskontakt. Du er påliteleg, imøtekomande og nytenkjande. Det er viktig at du har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig, men også at du er teamorientert. Du må jobbe effektivt og kunne handtere stramme tidsfristar og høgt arbeidspress. Du må ha gode evner til å kommunisere med forskjellige menneske i forskjellige situasjonar.Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og
utvikling - Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar som fleksibel arbeidstid,mobiltelefonordning og treningsfasilitetar
- Lønn etter kvalifikasjonar som rådgjevar/seniorrådgjevar, lønnsspenn kroner 472.000 - 640.200
Andre forhold
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad speglemangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål åoppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekrutterepersonar med innvandrarbakgrunn og redusert funksjonsevne.Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på denoffentlege søkjarlista må dei grunngje ønsket. NOKUT kan gjereopplysningar om søkjarar offentleg sjølv om dei sjølve har bedtom konfidensiell behandling. Søkjaren blir varsla dersom ønsketom reservasjon ikkje blir tatt til følgje, jfr. offentleglova § 25.Fleire opplysningar kan du få ved å kontakte seksjonssjef Helén Sophie Haugen, telefon +47 922 37 041. Søknaden sender duelektronisk via Webcruiter, og vi ber deg laste opp vitnemål ogattestar der.
Vi tar sikte på å gjennomføre følgjande plan:
- Kandidatar til første runden med intervju vil bli innkalla seinst 9.oktober
- Desse intervjua vil bli gjennomførte 14.,15. og 16. oktober
- Finaleintervjua vil bli gjennomførte 21. oktober
Om arbeidsgiveren
NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan med kompetanse innan norsk og utanlandsk høgare utdanning og fagskuleutdanning. Føremålet til NOKUT er å sikre og fremje kvalitet i høgare utdanning og fagskuleutdanning ved å:
-føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten på norske utdanningar og utdanningsinstitusjonar
-godkjenne og informere om utanlandsk utdanning og informere om vilkåra for godkjenning av utanlandsk kompetanse i Noreg
NOKUT sitt arbeid skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten på norsk høgare utdanning og fagskuleutdanning samt godkjend høgare utanlandsk utdanning. NOKUT har omlag 150 tilsette og held til i Drammensveien 288 på Lysaker. Sjå www.nokut.no for meir informasjon.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Drammensveien 288, 0283 Oslo
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning,
- Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Helén Sophie Haugen
- Stillingstittel
- Seksjonssjef
- Telefon
- 92 23 70 41
Drammensveien 288, 0283 Oslo