Utløpt

Rådgiver velferdsteknologi og digitalisering

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Rådgiver
Frist
30.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Vil du vera med å forma morgondagens måtar å arbeida på gjennom bruk av
velferdsteknologi og digitalisering? Då vil me ha deg med på laget!

 

Time Kommune har stort fokus på digitalisering, utvikling og innovasjon.
Til dette arbeidet treng me gode medarbeidarar som har evner å sjå nye, betre
og effektive måtar å jobba på. Me søker nå etter ein digitaliseringsrådgjevar med
hovudfokus på velferdsteknologi. Velferdsteknologi handlar i langt større grad
om å endra måten me jobbar på, enn berre teknologien i seg sjølv. Her er det eit
spennande grensesnitt mellom teknologi, brukarar og medarbeidarar i tenestene.
Innføring av velferdsteknologi er av stor betydning for korleis me skal endra 
tenestene våre og tilpassa oss framtidige behov.

 

Du vil bli del av Digitalisering og utviklingsavdelinga og ha et tett samarbeid
med leiargruppa i Omsorg. Digitalisering og utviklingsavdelinga har ansvar for
å drifta alle kommunen sine system, og samtidig driva utvikling og innovasjon 
saman med tenesteområda våre. Me søker etter deg som kan sjå moglegheiter,
samt driva prosjekt og vera ein pådrivar i dette arbeidet. Du vil også ha ansvaret
som systemadministrator for dei store systema i omsorg, så god teknisk forståing
er viktig. Gode pedagogiske eigenskapar er nødvendig då du må læra opp
superbrukarar på omsorgssystema våre.

 

Arbeidsoppgåver:

- Prosjektleiar/pådrivar i digitaliserings- og velferdsteknologiprosjekt

- Samarbeida med og oppfølging av leverandørar innan IKT, digitalisering og velferdsteknologi

- Forbetra, effektivisera og automatisera arbeidsprosessar

- Gje support og opplæring og rettleia medarbeidarar i å ta i bruk ny teknologi

- Systemadministrator på omsorgssystema

- Delta i ulike nettverk og fagråd

 

Eigenskapar

- Du er nysgjerrig, nytenkande, og har god gjennomføringsevne

- Du er systematisk og løysingsorientert og arbeider sjølvstendig for å ferdigstilla oppgåver

- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

- Du er fagleg engasjert og held deg fagleg oppdatert

- Me legg vekt på at du er eigna til stillinga.

 

Kvalifikasjonar

- Relevant høgskuleutdanning, bachelor eller master

- God systemforståing

- Det er ein fordel om du har erfaring med digitalisering og velferdsteknologi

- Erfaring med prosjektleiing og bruk av ulike prosjektverktøy er ein fordel

 

Me tilbyr

- Spennande arbeidsoppgåver med stor moglegheit til å påverka utviklinga i
kommunen innan digitalisering og velferdsteknologi

- Moglegheit til å bygga verdifull kompetanse innan forbetring av tenester
gjennom bruk av teknologi og digitalisering

- God pensjonsordning og fleksibel arbeidstid

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja
ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga
via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv
om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte
til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell
orientering og kjønnsidentitet.

 

Kontaktperson

Espen Kverneland, IKT-sjef, tlf: 51776094, mobil: 91108746, espen.kverneland@time.kommune.no

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Sted
ARNE GARBORGS VEG 38, 4340 Bryne
Bransje
IT,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
IT utvikling / Utvikler (generell)

Nøkkelord

it, digitalisering, utvikling, offentlig, prosjekt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Espen Kverneland
Stillingstittel
Digitalisering og utviklingssjef
Telefon
51 77 60 94
91 10 87 46
Følg firma
605 følger dette firmaet

ARNE GARBORGS VEG 38, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 157636470
Sist endret 1. okt. 2019 00:09

Rapporter annonse