Utløpt

Prosjektering og oppfølging av sikringstiltak

Arbeidsgiver
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Stillingstittel
Ledig stilling nr. 41/2019 - RV
Frist
13.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT (NVE)

Vil du arbeide med tiltak mot skadar frå flaum og skred?

NVE har eit viktig samfunnsansvar i å førebyggje skadar frå flaum, skred og overvatn. Vi hjelper kommunane gjennom uttale til arealplanlegging, og vi planlegg og gjennomfører sikringstiltak i særleg utsette  område med busetnad. Ved skadeflaum og andre hendingar i vassdraga, og ved skredhendingar, er vi faglege rådgjevarar for politi og kommunane.

I Region Vest i Førde er det ledig fast stilling med oppgåver innan prosjektering av sikringstiltak. I Region vest har det vore fleire store flaumhendingar med store materielle skadar dei siste åra, og det er trong for tiltak for å sikre busetnad etter desse flaumane. Oppgåvene vil vere oppfølging av skadar gjennom prosjektering av flaum- og erosjonssikringstiltak. Prosjektering består mellom anna av hydrauliske utrekningar, val av tekniske løysingar og dimensjonering av desse etter gjeldande regelverk og retningsliner. Handsaming av tiltak etter plan- og bygningslova (byggesak) vil òg vere ei aktuell oppgåve. Ved kontor i Førde er vi i dag 37 tilsette med eit høgt tverrfagleg kompetansenivå og vi har eit inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.


Region Vest omfattar dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, der vi mellom anna arbeidar med utfordringar innan flaum -og skredsikring. Avhengig av søkars kvalifikasjonar kan det òg vere aktuelt med oppfølging av gjennomføring av tiltak (byggeleiing).

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektering og (eventuelt byggeleiing) for tiltak mot flaum, erosjon og vassdragsrelaterte skred
  • Informasjon og rettleiing til privat konsulent bransje og kommunane
  • Fagleg rådgjeving til politi og kommunar i samband med skred- og flaumhendingar
  • Du må rekne med noko reiseverksemd

Kvalifikasjonar

  • Sivilingeniør/master i byggfag; gjerne innan fagområda hydraulikk, vassdragsteknikk, vass- og avløpsteknikk
  • Erfaring frå prosjektering innan dei nemnde fagområda er ynskelig, eventuelt òg erfaring frå gjennomføring av bygge- og anleggsprosjekt. Brei og god fagleg relevant erfaring kan vege opp for formelt utdanningskrav
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein skarpskodd, tiltaksam og ihuga fagperson som likar å finne løysingar
  • Han eller ho må vere godlynt og arbeide godt så vel i lag som åleine
  • Det vert lagt betydeleg vekt på om du er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Fast heiltidsstilling
  • Arbeidsoppgåver med stor samfunnsmessig betydning
  • Eit kompetent og breidt samansett fagmiljø
  • Gode arbeidstidsordningar (sommartid, fleksitid)
  • Familievennleg og fleksibel personalpolitikk
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK)

Stillinga vert lønna innan spennet kr 460 000 - kr 700 000 som avdelings-/over-/senioringeniør (1085/1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønnsplassering. Endeleg lønnsplassering er avhengig av kvalifikasjonar. Kompensasjon for overtid og reisetid. Frå lønna vert trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.

I NVE har vi eit tverrfagleg miljø med medarbeidarar frå over 20 nasjonar. Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn. NVE er ei IA-bedrift og vil legge tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Legg ved vitnemål elektronisk. Ta med attestar til eit ev intervju.

Søknadspapira vert ikkje returnert.Om du ynskjer å reservere deg frå ei offentleg søkjarliste må du grunngi dette. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å verte unnateke søkjarlista. Om ynskjet om reservasjon ikkje vert teke til følgje vil søkjaren verte varsla før ev offentleg søkjarliste vert utforma.

     

Om arbeidsgiveren



NVE forvaltar Noregs vass- og energiressursar til det beste for samfunnet. Vi sørger for at straumen blir levert, vi overvakar og varslar naturfare, vi held tilsyn med kraftbransjen, vi utviklar regelverk, vi behandlar søknader om konsesjonar knytt til vatn og fornybar energi og vi sikrar busetnad mot naturfare. Forsking og internasjonalt utviklings­samarbeid er også viktige arbeidsområde for oss, i tillegg til at vi er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.


NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervaking på Stranda og i Kåfjord. Til saman er vi 600 tilsette med tverrfagleg kompetanse. NVE er eit direktorat underlagt Olje- og energidepartementet.

Sektor
Offentlig
Sted
Naustdalsvegen 1 b, 6800 Førde
Bransje
Bygg og anlegg,
Kraft og energi,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Vann- og miljøteknikk,
Ingeniør / Vassdrag

Nøkkelord

hydraulikk,, vassdragsteknikk,, vass-, og, avløpsteknikk,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Brigt Samdal
Stillingstittel
regionssjef
Telefon
90 74 82 38
Kontaktperson
Siss-May Edvardsen
Stillingstittel
sjefingeniør
Telefon
95 29 01 14
Kontaktperson
Kathrine Berg Nilsen
Stillingstittel
HR-kontakt
Telefon
22 95 98 62
Følg firma
1396 følger dette firmaet

Naustdalsvegen 1 b, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 157630863
Sist endret 27. sep. 2019 13:42

Rapporter annonse