Utløpt

10 nye heiltidsstillingar innan Psykisk helseteneste

Arbeidsgiver
Årdal kommune
Stillingstittel
miljøterapeut/miljøarbeider
Frist
06.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Årdal kommune har 10 nye stillingar innan psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste er per i dag ein eigen avdeling organisert under Helse i Årdal kommune. Me gjev teneste etter vedtak til dei som opplever livskriser, har psykiske plager og lidingar, og-eller rusutfordringar.


I dag er det 9 årsverk i psykisk helseteneste med ein høg grad av tverrfagleg kompetanse. Frå februar 2020 skal me etablere eit heildøgnsbutilbod til menneske med psykisk liding / rusavhengigheit og kognitiv svikt. Til dette treng me 10 nye årsverk inn i psykisk helseteneste. Her blir det turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.


I avdelinga har me også ei dagtidsteneste som jobbar med heimebuande innbyggjarar. Her yt ein tenester som støttesamtalar og buoppfølging. Dagtidstenesta driv også dagsentertilbod og tilbod om fysisk aktivitet. Tilsette som yt dagtidstenesta også deltar i turnusarbeid på bufelleskapet ved behov.


Me leitar etter miljøterapeutar og miljøarbeiderar. Oppstart februar 2020.

Me tilbyr heiltidsstillingar men kan vurdere både deltids- og heiltidsstillingar ved førespurnad, til saman 10 årsverk.

Det er lyst ut 8 faste stillingar og 2 to-årig prosjektstillingar, med moglegheit for fast tilsetjing.


Bufellesskap:

  • Utarbeide mål og tiltak i samarbeid med brukaren og jobbe målretta med brukaren mot desse.
  • Dagleg miljøterapeutisk arbeid som praktisk bistand og rettleiing av daglege gjeremål
  • Bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.


Fellesoppgåver

  • Yte tenester knytta til enkeltvedtak. Dette inneber individuelle støttesamtalar og/eller miljøterapeutiske tiltak i heimen til brukar som veiledning og opplæring.
  • Utarbeide, følgje opp og evaluere mål og tiltak for brukarar.
  • Utarbeide og følgje opp Individuell plan.
  • Delta på dagsentertilbod der personal og brukarar saman skal bidra til eit sosialt fellesskap.
  • Koordinere ansvarsgruppar, samarbeide tverrfagleg kommunalt, interkommunalt og inn mot spesialithelsetenesta.
  • Samarbeid med pårørande og verge.
  • Dokumentere i henhold til gjeldande lovverk.
  • Moglegheit for å delta i det kommunale kriseteamet.
  • Veilede og undervise kollegaer og studentar.
  • Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.


Særoppgåver:

  • Sjukepleiar/spesialsjukepleiar/vernepleiar: Ansvar for legemiddelhandtering, særleg ansvar for å ivareta den somatiske helsa til brukaren.


Kvalifikasjonskrav

  • Miljøterapeut: 3-årig helse og sosialfagleg høgare utdanning som sjukepleiar/ vernepleiar, sosionom, barne og ungdomsarbeidar, andre med relevant utdanning.
  • Miljøarbeidar: Fagbrev som helsefagarbeidar, kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
  • Ynskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, rus, kognitiv terapi, aktiv omsorg, psykologi, barn og ungdom eller anna relevant fag
  • Ynskjeleg med arbeidserfaring innan psykisk helse/rusarbeid
  • Ynskjeleg med kunnskap og/eller erfaring innan ernæring og fysisk aktivitet
  • Ha førarkort klasse B


Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og ansvarsbevisst
  • Likar å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Kunne tilpasse seg brukarens behov
  • Evne til refleksjon over eigen praksis samt praksis i tenesta
  • Beherske norsk både munnleg og skriftleg


Me tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
  • Godt fag- og arbeidsmiljø
  • Deltaking på kurs, konferanse og nettverksamlingar
  • Moglegheit for å ta vidareutdanning
  • Ei teneste som er i endring og utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad, barnehageplass og evt. arbeid til partnar
  • Lån og tilskot til kjøp av bustad, kr. 80.000.


Anna:

Politiattest må framleggjast ved tilsetjing.

Løn og andre vilkår etter gjeldande tariffavtalar.

Om arbeidsgiveren

Årdal kommune: #årdalmeirenndutrur #ardalkommune #mittårdal #årdalkommune og mykje meir.

Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, industribygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.

Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og.

Alle er hjarteleg velkomne til oss!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Statsråd Eventsensveg 4, 6885 Årdalstangen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

miljøterapeut, miljøarbeider, sykepleier, vernepleier, helsefagarbeider

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helga Timberlid Hundere
Stillingstittel
Leiar Psykisk helseteneste
Mobil
90 69 97 52
Kontaktperson
Taryn Malkhassian
Stillingstittel
Tenesteleiar Helse
Mobil
40 52 62 60
Følg firma
6 følger dette firmaet

Statsråd Eventsensveg 4, 6885 Årdalstangen

Annonseinformasjon

FINN-kode 157463423
Sist endret 23. okt. 2019 14:00

Rapporter annonse