Utløpt

Kommunikasjonsrådgivar

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgivar
Frist
07.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket
Hovudkontoret i Kystverket er strategisk og rådgjevande organ for etaten og får oppdraga sine frå Samferdselsdepartementet.
 
Stab for kommunikasjon og samfunnskontakt  har det overordna ansvaret for kommunikasjon og informasjon i Kystverket. Staben skal gi strategisk og praktisk kommunikasjonsfaglegstøtte i enkeltsaker og prosjekt. I tillegg skal staben medverke ved hendingarog aksjonar knytt til sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket har eit særskilt ansvar innan beredskap mot akutt forureining. Dette arbeidetvert leia av beredskapsavdelinga i Horten. Kystverket har ansvaret for åkoordinere statlig, kommunal og privat beredskap i eit nasjonaltberedskapssystem. Det skjer mykje spanande innanfor dette området som bør kommuniserastbåde internt og eksternt.
 
Vi søker ein person som skal ha ansvaret for kommunikasjonsoppgåver, og spesielt arbeide innan beredskap mot akutt forureining. Personen skal arbeidemed å kommunisere ut til media og andre, i tillegg til intern kommunikasjon.Det er ein fordel at vedkomande har erfaring innan beredskap- ogkrisekommunikasjon. Vi krev samtidig at personen har interesse for og kunnskapom bruk av ny teknologi og dei moglegheitene som ligg i digital kommunikasjon,og som kan vere ein viktig ressurs i utviklinga av våre digitale kanalar.
 
Arbeidsstaden vil primært vere i Horten og stillinga krev ein del reiseverksemd.
 

Arbeidsoppgåver

  • Kommunikasjonsrådgiving, spesielt knytt til fagområdet beredskap mot akutt forureining
  •  Vidareutvikling og vedlikehald av Kystverkets intranett og kystverket.no, og vere ein viktig bidragsyter i fagtemaet Digitalkommunikasjon
  • Produksjon og formidling av innhald i Kystverket sine digitale kanalar og i sosiale media
  • Proaktivt mediearbeid
  • Andreoppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

Høgskule / Universitet 
  
Høgare utdanning på bachelor-eller masternivå innan kommunikasjon
     
Erfaring innanstrategisk kommunikasjon er ein fordel
      
Erfaringmed mediekontakt og proaktivt arbeid mot media er ønskeleg
  
Ønskeleg mederfaring innan krise- og beredskapskommunikasjon
    
Ønskeleg med kunnskapog erfaring innan formidling på nett, samt erfaring med CMS-verktøy, helstEpiServer
  
Særs god skriftleg ogmunnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer), samt gode engelskkunnskapar

Personlege eigenskapar

 
  • Gode samarbeids- ogkommunikasjonsevner 
  • Evne til å arbeide sjølvstendigog i team
  • Kreativ
  • Framtidsretta, engasjertog påliteleg  
  • Ha positiv drivkraftbåde i beredskapseiningane og i kommunikasjonsstaben
  • Eit nytenkande ogdigitalt hovud  
  •  Må kunne tenkje strategisk

Vi tilbyr

Ei utfordrandestilling med gode utviklingsmoglegheiter i ein spanande og mangfaldig etat

Eit arbeidsmiljø medmange dyktige kollegaer i eit relativt stort kommunikasjonsmiljø

Stor grad avsjølvstendig arbeid og fleksibel arbeidstid

Stillinga vil bli løna som rådgivar/seniorrådgivar,stillingskode 1434/1364, lønstrinn 60-66, frå kr 532 300 til kr 594 400

Godpensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Ferieheimsordning for tilsette i Kystverket på utvalde fyr

Fleksibel arbeidstid

 

Andre opplysningar

Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utanomsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

Kystverket deltek i eit forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymisering av søknadar skal gjeldeden første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøketvert evaluert av Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), som handsamaranonyme opplysningar om tilsettingsprosessen, og det blir utarbeidd einstatistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vilikkje bli utlevert til andre, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste ogutvida søkarliste gjeld. 

        

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.


 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Moloveien 7, 3187 Horten

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solveig Moe Frøland
Stillingstittel
Stabsdirektør
Telefon
92 20 80 89
Følg firma
1223 følger dette firmaet

Moloveien 7, 3187 Horten

Annonseinformasjon

FINN-kode 156930313
Sist endret 5. sep. 2019 13:13

Rapporter annonse