Utløpt

Vil du vere med og etablere heilt nye digitale tenester for statlege tilskot?

Arbeidsgiver
Direktoratet for økonomistyring
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar - tilskotsregister
Frist
19.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
Om stillinga

Vil du vere med og etablere eit digitalt register med informasjon om statlege tilskot og tilhøyrande nettstad? Vil du delta i eit prosjekt frå byrjing til slutt og deretter ta prosjektet over i drift og vidareutvikling? Då har vi stillinga for deg.

Tilskot er eit viktig og utbreitt verkemiddel for å oppnå effektar av samfunnsverdi for mange ulike målgrupper. Nesten 1/3 av utgiftene på statsbudsjettet er tilskot, og det finst om lag 600 ulike statlege tilskotsordningar. Disse blir forvalta av over 90 statlige forvaltarar. Staten har inga samla oversikt over statlege tilskotsordningar, mottakarar eller tilskotsbeløp. I dette prosjektet skal vi gjere noko med det!

I samarbeid med Kulturdepartementet har Direktoratet for økonomistyring (DFØ) sett i gang eit digitaliseringsprosjekt som du vil bli sentral i. Du vil inngå i ei større prosjektgruppe med fleire medarbeidarar frå DFØ, Kulturdepartementet og ulike leverandørar. Her får du vere med og leggje fundamentet for DFØ sine digitale tenester på tilskotsområdet. Etter prosjektslutt vil nettopp du vere sentral når tilskotsregisteret går over i ein drifts- og vidareutviklingsfase.

Dette er ei nyoppretta stilling, plassert i seksjon for styring, som er éin av fem seksjonar i forvaltings- og analyseavdelinga. Avdelinga jobbar for å betre styringa i statsforvaltinga, slik at dei kan nå overordna mål og utnytte ressursane så effektivt som mogleg. Seksjon for styring hjelper departement og statlege verksemder i styringsfaglege spørsmål og tilbyr mellom anna regelverksfortolking, kurs, rådgiving og rettleiingsmateriell knytt til etatsstyring og verksemdsstyring, inkludert økonomistyring. Tilskot er eit viktig fagområde i avdelinga.


Ansvar og arbeidsoppgåver
  • delta i prosjektgruppa i etableringa av eit heilt nytt tilskotsregister og ein nettstad for statlege tilskot
  • ha ansvar for register- og informasjonsforvalting både i prosjektperioden og når registeret går over i ein drifts- og vidareutviklingsfase
  • vere bindeledd mellom DFØ sitt fagmiljø for tilskot og andre fagmiljø, som for eksempel IT, kommunikasjon mm.
  • vere bindeledd mellom prosjektet og tilskotsforvaltarane som skal gi informasjon til registeret, samt andre interessentar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • erfaring med oppbygning og/eller utvikling  av digitale registre, fortrinnsvis registerløysningar i offentlig sektor.
  • erfaring med harmonisering/standardisering av informasjon, for eksempel begrepskataloger, datakataloger el. l
  • kjennskap til utforming og/eller forvaltning av statlig tilskot eller stønader.
  • relevant høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg

Det er ønskjeleg at du har:

  • erfaring frå arbeid med tilskot i staten
  • erfaring frå forenkling av offentlege tenester, eksempelvis frå digitaliseringsprosjekt og/eller utvikling av digitale tenester
  • erfaring frå utvikling av digitale tilskottsforvaltningssystem
  • erfaring frå arbeid med statistikk og analyse
  • erfaring frå rolla som produkteigar eller liknande
  • erfaring med forvaltning av registerløysningar

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som tek initiativ, er engasjert og liker å påverke slik at ein oppnår gode resultat. Du liker å jobbe i prosjekt og er god til å samarbeide og byggje relasjonar. Du vil få eit særleg ansvar for tilskottsregisteret og ivareta informasjonsforvaltning på tilskottsområdet i prosjektperioden og driftsfasen, derfor er det viktig at du kan jobbe sjølvstendig, og at du liker å ta ansvar. Du vil handtere store mengder data, så det er viktig at du jobbar nøyaktig, strukturert og analytisk. I denne stillinga vil du ha mykje kontakt med brukarane våre og andre fagmiljø i DFØ, så det er viktig at du trivst med dette og har gode formidlingsevner.

Vi legg vekt på gode personlege eigenskapar.


Vi kan tilby

I stillinga får du delta i etableringa og drifta av heilt nye digitale tenester for statlege tilskot. Du får ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag og mykje kontakt med statlege verksemder og departement, og du får samarbeide med engasjerte kollegaer.

Vi har fleksibel arbeidstid med sommar- og vintertid, overtidsbetaling og medlemskap i Statens pensjonskasse. Vi held til sentralt i Oslo.

Stillinga vil bli plassert som rådgivar/seniorrådgivar med lønn på mellom 479 600 og 586 000 kroner per år for rådgivar og mellom 573 100 og 691 400 kroner per år for seniorrådgivar. Frå lønna blir det trekt 2 prosent til Statens pensjonskasse. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Ved tilsetjing er det seks månaders prøvetid.

DFØ legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar derfor alle til å søkje jobb, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Du er velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.


Spørsmål om stillinga

Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med seniorrådgivar Harald Saxegaard på telefon 994 45 807 eller seniorrådgivar Anne Sofie Teveldal på telefon 901 08 818.

Sjå òg www.dfo.no dersom du vil ha meir informasjon om DFØ.


Om arbeidsgiveren

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er statens ekspertorgan innenfor statlig styring, og utfører forvaltningsoppgaver for alle statlige virksomheter. Vi skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, fellestjenester og utvikling av metoder og verktøy. DFØ leverer lønns- og regnskapstjenester til rundt 90 prosent

av statsforvaltningen, og har ansvaret for statsregnskapet og statens konsernkontoordning. I 2020 blir DFØ utvidet til et direktorat for styring, ledelse, organisering, statlige lønns- og regnskapstjenester og offentlige anskaffelser. Det er om lag 470 ansatte i DFØ, fordelt på tre kontorsteder: Oslo, Stavanger og Trondheim.

Sektor
Offentlig
Sted
Karl Johans gate 37B, 0162 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Samfunnsviter
Følg firma
1226 følger dette firmaet

Karl Johans gate 37B, 0162 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 156050909
Sist endret 13. sep. 2019 07:45

Rapporter annonse