Utløpt

Er du utprega serviceorientert og trivst med å jobbe i eit hektisk og internasjonalt miljø?

Arbeidsgiver
Norges Handelshøyskole (NHH)
Stillingstittel
Servicemedarbeidar (konsulent)
Frist
08.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga og avdelinga

NHH har ledig ei stilling i hundre prosent som servicemedarbeidar (konsulent). Stillinga er plassert i Servicesenteret som blei etablert i 2017, der det i dag er fem tilsette. Servicesenteret har ei brei og variert brukargruppe, og vi jobbar heile tida med å utvikle servicetilbodet. Vi søkjer derfor etter ein positiv og engasjert medarbeidar til teamet vårt. Den som blir tilsett i stillinga vil ha eit særskilt ansvar for studentservice, men vil og delta i dei andre ansvars- og arbeidsområda som høyrer til Servicesenteret.


Arbeidsoppgåver
  • yte service til studentar, tilsette og gjestar
  • førstelinje rettleiing av studentar og skrive ut enkle stadfestingar
  • enkel sakshandsaming i tråd med NHHs retningslinjer og prosedyrar
  • svare på førespurnader på telefon og e-post
  • administrasjon og utlån av nøklar og nøkkelkort
  • bestillarfunksjon av varer og tenester
  • generell støtte i Servicesenteret ved behov


Du må rekne med endringar i arbeidsoppgåver og organisering over tid.


Kvalifikasjonskrav
  • 1-2- års utdanning utover vidaregåande skule, relevant realkompetanse kan erstatte krav om utdanning
  • gode kunnskapar om digitale verktøy og gode kunnskapar i Microsoft Office-programvare
  • minimum eit års erfaring frå administrative arbeidsoppgåver
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk


Det er ein føremon om du har

  • kjennskap til IT-verktøy som blir nytta av NHH (f. eks. Canvas, FS, TimeEdit, PM baseware)
  • erfaring frå førstelinje og service
  • erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • erfaring frå arbeid i et internasjonalt miljø

Personlege eigenskapar
  • serviceinnstilt og imøtekommande
  • blid og profesjonell
  • effektiv og strukturert
  • omstillingsdyktig
  • evne til å jobbe sjølvstendig så vel som i team
  • trivast med å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø

NHH tilbyr
  • varierte utfordringar og gode moglegheiter for utvikling
  • triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (www.spk.no)
  • inkluderande arbeidsliv
  • velferdsgode som subsidiert trening hos Sammen (tidl. SiB), bedriftshytte og gratis parkering  


Stillinga har kode 1065 - konsulent og er løna etter lønsregulativet frå staten frå kr. 380 800 -  434700 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli  vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna.


Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Difor er det eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med administrasjonssjef Trude Gundmundset, Trude.Gudmundset@nhh.no,  tlf. 55 95 93 46.

Søknadsfrist 8. september 2019.


Om arbeidsgiveren

Noregs handelshøgskole (NHH) er mellom dei leiande handelshøgskolane i Europa. NHH har eit internasjonalt akta forskingsmiljø og

er førstevalet for studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg. NHH har 3400 studentar og 400 tilsette.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Helleveien 30, 5045 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Resepsjon,
Kundeservice
Følg firma
234 følger dette firmaet

Helleveien 30, 5045 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 155827851
Sist endret 26. aug. 2019 16:28

Rapporter annonse