Utløpt

Vi søker strategisk analytikar med Kina som fagfelt

Arbeidsgiver
PST (Politiets sikkerhetstjeneste)
Stillingstittel
Vi søker strategisk analytikar med Kina som fagfelt
Frist
15.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Politiets Sikkerhetstjeneste (PST)
PST handterer dei mest alvorlege truslane mot landet sin tryggleik. Ei av våre høgast prioriterte oppgåver er å førebygge og hindre spionasje frå framande statar. Skal vi lukkast i dette arbeidet, er det avgjerande at vi forstår spenningsfeltet mellom Noregs og andre statars strategiske interesser og korleis etterretninga spring ut av dette. Vi leitar no etter ein strategisk analytikar som kan forstå og skrive godt om desse problemstillingane. Stillinga vil ligge i førebyggande avdeling i PST, i seksjon for statlege aktørar.

Arbeidsoppgåver

Som strategisk analytikar hos oss vil du inngå i eit team kor ditt ansvar vil vere å samanstille og analysere all informasjon som PST har på fagfeltet, og å vurdere kva som vil skje framover i tid. Slik vil du hjelpe mottakaren, anten internt i PST eller hos eksterne samarbeidspartnarar, med å forstå situasjonen og treffe gode avgjerder. Trusselbiletet du bidrar til å teikne, vil du formidle både i skriftleg produksjon og i presentasjonar for ulike mottakarar, også til mottakarar i myndigheitsapparatet utanfor PST, som til dømes departement og politisk leiing.
 
Til dagleg vil mykje av tida di gå med til å lese rapportar frå ulike partar og til å tenke strukturert på korleis denne informasjonen påverkar den overordna utviklinga av truslane frå framande statar.
 
Vi legg vekt på god (etterretningsfagleg) analysemetodikk, og du vil få ta del i eit stort analysefellesskap kor fagleg utvikling og nytenking er svært viktig.  

Kvalifikasjonar

For å vere aktuell for stillinga må du ha høgare utdanning innan samfunnsfag, humaniora, politi eller forsvar. Du må ha god kunnskap om kinesisk språk, kultur, politikk og samfunn.
 
Det er ein fordel om du har utdanning eller erfaring innan (etterretnings-)analyse, utredningsarbeid eller liknande.
 
Stillinga krev svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, i tillegg til gode engelskkunnskapar. 

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har eit svært analytisk sinnelag, og som er god til å sjå samanhengar og mønster der andre berre ser støy. Du må også kunne samanstille denne innsikta på ein forståeleg måte tilpassa den enkelte mottakaren. Her må du både vise til svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne og til evne til å levere vanskelege vurderingar med riktig kvalitet til riktig tid. Du vil samarbeide med folk med ulik fagbakgrunn og frå mange ulike verksemder. Vi krev derfor gode samarbeidsevner. Arbeidsfeltet er i stadig endring, og du må også både ønske og evne å bidra til eigen og kollegaers faglege utvikling.
 
Vi legg vekt på at kandidatane er personleg eigna til arbeid i ei tryggingsteneste. Du må vere lojal, ha sunn dømmekraft og vere påliteleg. Du må tilfredsstille krava til høgaste sikkerheitsklarering og autorisasjon.
 
Som tilsett i ein beredskapsorganisasjon forventar vi at du er fleksibel og villig til å yte ekstra når situasjonen krev det. 

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og særs utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit fagfelt i rask vekst. Du vil få bidra til å trygge landet mot dei mest alvorlege truslane. Du vil få erfaring og kunnskap som er ettertrakta også hos andre avdelingar og seksjonar i PST, og elles i samfunnet.
 
Stillinga er fast.
 
Du vil få årslønn innanfor spennet kr 472 000,- til kr 655 400,- i stilling som rådgivar/seniorrådgivar (SKO 1434/1364). For særleg kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønnsplassering og plassering i stillingskode er avhengig av kvalifikasjonar.
 
Statens pensjonskasse tilbyr god pensjonsordning (2 % trekk frå lønna).
                         

Om arbeidsgiveren



Politiets tryggingsteneste (PST) er den nasjonale tryggings- og etterretningstenesta og har ei viktig rolle i vernet av demokratiet, borgarane og vitale samfunnsinteresser. PST er ei fleirfagleg teneste med behov for variert kompetanse. Vi har kontor i alle politidistrikt i landet og hovudkontor i Oslo.

Sektor
Offentlig
Sted
Nydalen, 0421 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning

Nøkkelord

kina,, kinesisk,, analyse,, etterretning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ane Roald
Stillingstittel
Avsnittsleder
Følg firma
4219 følger dette firmaet

Nydalen, 0421 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 155786833
Sist endret 23. aug. 2019 15:36

Rapporter annonse