Controller til leiande lokal medieaktør i sørvest
- Arbeidsgiver
- Jærbladet AS
- Stillingstittel
- Controller
- Frist
- 30.09.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Jærbladet AS er den største avisa i Amedia region Nordsjø. Jærbladet utgjer saman med dei 8 andre avisene Sandnesposten, Solabladet, Bygdebladet Randaberg og Rennesøy, Strandbuen, Gjesdalbuen, Dalane Tidende, Avisen Agder og Lyngdals Avis ein dominerande medieaktør for lokale nyheiter og annonsar i regionen. I 2018 var totale driftsinntekter for region Nordsjø omlag 160 mill kroner og me har omlag hundretusen lesarar av våre aviser. Region Nordsjø er ein del av Amedia som er den største utgjevaren av lokale media i Noreg.
Jærbladet AS og Amedia region Nordsjø søkjer no ein strukturert og sjølvstendig person med gode samarbeidsevner som skal samarbeida tett med vår økonomidirektør. Du vil delta aktivt i prognose- og budsjettarbeid, gjennomføra periodeavslutningar og månadsrapportering samt ferdigstilla rekneskap kvar månad, kvartal og for året i samarbeid med leiarane i verksemdene, rekneskapssenteret i konsernet og revisor.
I tillegg skal du som controller utarbeida analysar og yta rekneskapsfagleg støtte til andre funksjonar i regionen, utvikla og kvalitetssikra rutinar og anna administrativt arbeid. Vi ønsker at du skal fungere som sparringspartner for økonomidirektør og leiarane i de ulike selskapa. Du må være analytisk og sikra korrekt og presis styringsinformasjon til rett tid, følgja opp målkort og KPI’er.
Controller vil utanom økonomidirektør arbeida tett saman med leiarane i dei ulike selskapa og Amedia-konsernet sin sentrale økonomifunksjon.
Me leitar etter deg som er analytisk, strukturert og sjølvstendig. For å trivast i rolla må du vera proaktiv, målretta og ha god forståing av forretninga. Som person er du nysgjerrig, initiativrik og ikkje redd for å ta i et tak når og der det trengst. Du er nøyaktig i ditt arbeid, samtidig som du har fokus på å levera innanfor gitte tidsfristar. Den rette kandidaten har godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi ser gjerne at du har høgare økonomisk utdanning, bachelor- eller mastergrad og minimum 1-3 års erfaring frå tilsvarande rolle, revisjon eller anna relevant erfaring.
Som tilsett hos oss vil du bli ein del av ein dynamisk kultur i eit konsern med høge vekstambisjonar. For rett person vil det vera gode faglege utviklingsmoglegheiter i eit trivelig, hektisk og uformelt miljø. Du vil delta i prosessar relatert til forbetring, eigarskap, styrearbeid og strategi.
Din arbeidsstad vil primært vera i lokala til Jærbladet på Bryne, men noko reising mellom mediehusa i regionen må du rekna med. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår for den rette kandidaten.
Controller rapporterer til økonomidirektør.
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakta økonomidirektør Else Berit Hattaland på telefon 400 07 913 eller regiondirektør Ole Morten Ona Ringdal 909 18 959.
Om arbeidsgiveren
Jærbladet er lokalavisa for Time, Klepp og Hå med eit nedslagsfelt på vel 60 000 innbyggjarar. Jærbladet er en del av Amedia, som er den største utgjevaren i Noreg av lokale media. Dagleg når alle media i konsernet meir en to millionar lesarar gjennom sine 72 avistitlar og den nasjonale posisjonen Nettavisen. Med redaksjonelle medarbeidarar over hele landet sikrar me at våre lesarar heile tida blir oppdaterte med nyheiter og anna viktig innhald.
- Sektor
- Privat
- Sted
- Meierigata 22, 4340 Bryne
- Bransje
- Økonomi og regnskap,
- Medie- og innholdsproduksjon
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ole Morten Ona Ringdal
- Stillingstittel
- Daglig leder
- Telefon
- 90 91 89 59
- Kontaktperson
- Else Hattaland
- Stillingstittel
- Økonomidirektør
- Telefon
- 40 00 79 13
Meierigata 22, 4340 Bryne