Utløpt

Controller i sekretariat for Miljøløftet, Bergen

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Controller
Frist
04.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Vil du bli med å utvikle satsinga på berekraftig transport og byutvikling i Bergen og omegn?

No styrkar vi laget og ved sekretariatet i Miljøløftet har vi ledig stilling som controller.

Vi søkjer deg som ønskjer å utvikle controllerstillinga som ein ressurs for alle partane. Du har god forståing for offentleg forvaltning generelt og økonomiske verkemidlar spesielt, og god kjennskap til regelverket her. Du likar å analysere og formidle økonomi på ein lettfatteleg måte overfor dei ulike partane, både skriftleg og munnleg.

Controlleren inngår i eit sekretariat som rapporterer til styringsgruppa for Miljøløftet. Styringsgruppa er sett saman av byråd for byutvikling, fylkesordførar, jernbanedirektør og vegdirektør. Fylkesmannen deltek som observatør. Vegdirektøren leiar styringsgruppa. Den som får stillinga blir tilsett i Statens vegvesen. Leiar i sekretariatet har personalansvar og dagleg oppfølging.


Arbeidsoppgåver

Den viktigaste oppgåva for controlleren er å utarbeide grunnlag for investeringar og følje opp økonomien i Miljøløftet. Dette blir gjort gjennom årlege rulleringar av fireårige handlingsprogram, basert på bompengar og midlar frå staten og fylkeskommunen.

Andre viktige arbeidsoppgåver

  • Halde oversikt over Miljøløftet sine samla bevillingar og bruken av ulike finansieringskjelder
  • Innhente og formidle faktagrunnlag om inntekter og framdrift på tiltak i Miljøløftet.
  • Bidra i utvikling og oppfølging av system for porteføljestyring, basert på blant anna mål- og resultatstyring.
  • Delta i arbeidet med å utarbeide årlege handlingsprogram for alle aktivitetane i Miljøløftet
  • Sikre partane innsyn og oversikt over disponeringar i Miljøløftet
  • Avvikshandtering og økonomirådgiving
  • Utarbeide likviditetsanalysar og anna talgrunnlag for handlingsprogram og budsjett.
  • Ha ei viktig rolle med innsamling og formidling av faktagrunnlag til ei rekke formål
  • Framstille og visualisere økonomiske data som grunnlag for mål og resultatstyring (porteføljestyring)

Kvalifikasjonar
  • Høgare økonomisk utdanning, siviløkonom/master eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse
  • Ønskjeleg med relevant erfaring med økonomisk analyse og erfaring frå å leie og gjennomføre prosessar
  • Erfaring med vanlege digitale verktøy, spesielt regneark
  • Erfaring og kjennskap til transportfaglege oppgåver og politiske prosessar er ein fordel

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Dette vil vi òg vektlegge:

  • Svært god kunnskap i excel, og erfaring frå økonomi- og handsaming av tal
  • Evne til å jobbe strukturert, målretta og sjølvstendig
  • Evne til å gjere om komplekse problemstillingar og sjå løysingar
  • Engasjement og ansvar
  • Gode samarbeidsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • ein spennande arbeidskvardag med god balanse mellom arbeid og fritid
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Kontaktpersonar

For nærare informasjon om stillinga, kan sekretariatsleiar Solveig Paule kontaktast på tlf. 930 53 457. De kan og ta kontakt med Mercuri Urval ved Anders K. Norheim tlf. 975 59 059 eller Gro Reinertsen tlf. 975 59 058.


Om arbeidsgiveren

Miljøløftet er eit felles namn for byvekstavtalen og den nye bompengepakken i Bergen. Hovudmålet er nullvekst i persontransport med bil. Veksten i persontransport i Bergen skal skje ved at folk reiser kollektivt, syklar og går. 

Miljøløftet er ei felles satsing mellom stat, kommune og fylkeskommune.

Saman skal vi bygge bybane, tryggare og betre vegar, sykkelvegar, fortau og miljøgater. Vi skal kutte bilkø og klimagassutslipp og syte for at alle kjem lett og trygt fram i byen vår.

Les meir om Miljøløftet på Miljøløftet.no

Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Controller
Følg firma
446 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 155138929
Sist endret 17. aug. 2019 00:00

Rapporter annonse