Utløpt

Byggjeleiar elkraftteknikk, Voss/Odda

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Byggjeleiar elkraftteknikk, Voss/Odda
Frist
26.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Med ein stadig aukande trafikk og krav til ein trygg og god trafikkavvikling vert det stilt store krav til den elektrotekniske infrastrukturen. Dette vert løyst blant anna gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, varslingssystem, ny og betre vegbelysning i tunnelar og langs vegnettet forøvrig.

Statens vegvesen søkjer byggjeleiar innan fagområdet elkraftteknikk. Stillinga er knytt til Byggherrepoolen i Region vest, for tida ved fylkesavdeling Hordaland, vegseksjonen Voss og Hardanger.  Kontorstaden kan vera Voss, Odda eller prosjektkontor nær det aktuelle prosjekt.

Grunna regionreforma kan oppgåvene verte overførde til Vestland fylkeskommune frå 1.1.2020.

Arbeidsoppgåver

I Voss og Hardanger er det mange tunnelar som skal oppgraderast og fornyast slik at dei tilfredsstiller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta . Dette medfører tiltak både på sjølve tunnelen, og på dei installasjonar som er bygd inn i tunnelen. Andre og mindre opprustings-/vedlikehaldstiltak i tunnelar vil og vere aktuelle oppgåver.

Som byggeleiar får du ansvar for ma.:

  • Den teknisk og økonomiske delen av elektroinstallasjonar i tunnelar
  • Planlegging og anbodsutarbeiding ved oppgradering og nye installasjonar
  • Teknisk og økonomisk oppfølging av elektrokontrakta og rapportere til prosjektleiar
  • HMS- ansvar for eigne prosjekt
  • Arbeidsleiing av kontrollingeniør
  • Tekniske avklaringar
  • Handtere fråvik, tillegg og endringar
  • Oppfølging av framdrift og kontrollplanar
  • Sluttdokumentasjon

 


Kvalifikasjonskrav

Det vert kravd eksamen frå universitet eller 3-årig høgskule, linje for elkraftteknikk/ elektriske anlegg. Søkjarar med eksamen frå 2-årig teknisk fagskule, same linjeval, og med brei relevant erfaring vil også bli vurdert. Fagbrev Gr. L er også ynskjelig. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Det er ønskeleg med erfaring frå installering og drift av industrianlegg, samt samferdselsanlegg, samt kompetanse for å kunne medverke til gjennomføring av internkontrollsystemet for elektrotekniske arbeider i regionen.

Du har fokus på og forstår viktigheita at eit godt HMS-arbeid. Du må og kunne uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg, vere god på dokumentasjon og kunne syne til gode samarbeidsevner.


 Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 


Kontaktperson

Seksjonsleiar Lars Øyre, tlf. 90 825 865.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Sektor
Offentlig
Sted
Flyplassvegen,, 5705 Voss
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør
Følg firma
448 følger dette firmaet

Flyplassvegen,, 5705 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 155138917
Sist endret 17. aug. 2019 00:00

Rapporter annonse