Utløpt

Byggjeleiar/kontrollingeniør på investeringsprosjekt, Voss og Hardanger

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Byggjeleiar/kontrollingeniør
Frist
26.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggjeleiar for investeringsprosjekt i Voss og Hardanger. Kontrollingeniør kan det også verte behov for.  Stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen, og er f.t. knytt til vegseksjon Voss og Hardanger. Kontorstad vil vera Voss.

Grunna regionreforma kan oppgåvene verte overførd til Vestland fylkeskommune frå 1.1.2020.

Arbeidsoppgåver

Byggjeleiar:

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår og kan løyse utfordringane som vi har på større og mindre investeringsprosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovedansvaret for gjennomføringa og evalueringa av ulike entrepriseformer.

Kontrollingeniør:

Hovedoppgåva vil vere å kontrollere at entreprenør leverer er i tråd med krava i kontraktaa. Dokumentasjon av kvalitet på aktuelle prosesser er også en del av ansvaret.


Kvalifikasjonskrav

For begge stillingane vert det kravd minimum 3-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

God fagleg tyngd frå byggeleiing/kontroll er ein fordel, gjerne frå bygg- eller anleggsprosjekt, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenøren på ein god måte.

Du har fokus på og forstår viktigheita at eit godt HMS-arbeid. Du må og kunne uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg, vere god på dokumentasjon og kunne syne til gode samarbeidsevner.

Vi ønskjer at du er kjent med og har nytt modellbasert prosjektering og gjennomføring.

Stillingane inngår i det faglege felleskapet vi har på seksjonen. Dei fleste oppgåvene vil vera knytt til investeringskontraktar, men du vil og få gode mulegheiter til å utfordre deg sjølv på oppgåver du ikkje har prøvd før.

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring
  • kontraktsforståing
  • kunnskap om regelverk innan aktuelle fagfelt
  • gode datakunnskapar
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Kontaktperson

Seksjonsleiar Lars Øyre, tlf. 908 25 865.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Sektor
Offentlig
Sted
Flyplassvegen,, 5705 Voss
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør
Følg firma
447 følger dette firmaet

Flyplassvegen,, 5705 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 155138908
Sist endret 17. aug. 2019 00:00

Rapporter annonse