Utløpt

Køyretøykontrollør, Bergen

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Køyretøykontrollør
Frist
22.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Arbeids- og ansvarsområder: 

Statens vegvesen arbeidar etter nullvisjonen, med eit delmål for 2010-2019 der drepne og hardt skadde i trafikken skal reduserast med minst ein tredel innan 2020.

Trafikant- og køyretøyavdelinga bidreg aktivt til visjonen gjennom m.a. målretta kontrollverksemd av tunge og lette køyretid på veg og vi søkjer no etter ein køyretøykontrollør med interesse for trafikktryggingsarbeid og tunge køyretøy. Tenestestad er Bergen trafikkstasjon i Åsane.

Som køyretøykontrollør skal du gjennomføre kontroll av tunge og lette køyretøy på veg, inkludert kontroll av beltebruk og køyre- og kviletid.

Du får også ansvar for sakshandsaming etter gjennomførte kontrollar.

Kontrollverksemda til Statens vegvesen gjennomførast til alle tider på døgnet og våre kontrollørar  inngår i ein tredelt turnusplan, med hovudvekt på arbeid på dagtid.

Du vil inngå i ei faggruppe med kontrollørar som har tenestested Bergen og Voss. Noko reiseverksemd må påreknast,  både mellom Bergen og Voss og rundt i resten av regionen.


Kvalifikasjonskrav: 
  • Utdanning frå høgskule, minimum 3 år med fagretning innan relevante ingeniørfag, eller tilsvarande relevant utdanning frå teknisk fagskole eller fagbrev som bilmekanikar på tunge kjøretøy.
  • Gode språkkunnskapar og kommunikasjonsevner både munnleg/skriftleg, samt god kjennskap til PC som arbeidsverktøy
  • Førarkort min. klasse B og det er ønskeleg med førarkort i tynge klassar. Om ikkje du har dette, er det ein føresetnad at du kan erverve dei øvrige førerkortklassane
  • Vi føreset at du har god vandel og vandelsattest må kunne framleggas.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ønskeleg med min. 2 års relevant arbeidserfaring og interesse for tunge køyretøy og handheving av regelverk er ein føresetnad. Gjerne erfaring frå transportbransjen . Grundig opplæring gjennom etaten si Trafikant- og køyretøyutdanning vil bli gjeve.

Stillinga inneberer mykje kontakt med sjåførar ute på veg og gode kommunikasjonsferdigheter er ein føresetnad for å lukkast i stillinga. Du som blir tilsett må difor beherske norsk skriftlig og munnleg, og kunnskap i andre språk som til dømes polsk, tysk eller russisk vil vere ein fordel.

Vi vil i tillegg særleg vektleggje personlege eigenskapar og haldningar, så som: 

  • kunne sjå viktigheita av myndighetsoppgåven og utøve dette på ein god måte  
  • kunna arbeida systematisk og nøyaktig etter gjeldande regelverk 
  • evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre 
  • evne til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø 
  • god sjølvinnsikt og høg integritet

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda: 

  • introduksjonsprogram og fadderordning 
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse 
  • etatsskular og høve til faglig påfyll

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale etter etatens lønnspolitikk, og det trekkas 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 


Kontaktpersonar

Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga kan du kontakta :

Faggruppeleiar Jan Rune Presttun, telefon 930 37 500

Seksjonsleiar Marianne Moe, telefon 920 57 062


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Sektor
Offentlig
Sted
Heiane 4, 5131 Nyborg
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Mekanisk
Følg firma
446 følger dette firmaet

Heiane 4, 5131 Nyborg

Annonseinformasjon

FINN-kode 155138880
Sist endret 17. aug. 2019 00:00

Rapporter annonse