Utløpt

NGIR søkjer etter sjåfør/operatør 1 års vikariat, 100 % stilling

Arbeidsgiver
NGIR
Stillingstittel
Sjåfør/operatør
Frist
08.09.2019
Ansettelsesform
Vikariat

NGIR søkjer etter sjåfør/operatør i 100 % stilling, i 1 års vikariat.

Vikariatet er ledig frå 1. oktober, men det er ynskjeleg med tidlegare oppstart (for overlapp/opplæring).

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utkøyring og innhenting av dunkar og rekvisita til/frå NGIR sine hushaldskundar.
  • Diverse transportoppdrag til/frå NGIR sine næringskundar.
  • Lettare vedlikehaldsoppgåver.
  • Kunderettleiing.
  • Kvalitetskontroll av sortert avfall.
  • Betjening av NGIR sine gjenvinningsstasjonar.
  • Tilsyn og rydding.
  • Lasting og lossing.
  • Køyring av hjullastar og truck.

Stillinga inngår i ein fast oppsett vaktplan, som fylgjer NGIR sine opningstider, og har hovudsakleg oppmøtestad i Kjevikdalen. Det må i tillegg påreknast noko kvelds-/laurdagsarbeid, med oppmøtestad Kjevikdalen, Manger, Mjåtveit eller Litlås gjenvinningsstasjon.


NGIR søkjer personar som:

  • Er serviceinnstilt, imøtekomande og med gode evner til å kommunisera med kundar.
  • Er fleksibel, initiativrik og med evne til å jobba sjølvstendig.
  • Likar å vera ute og ha ein fysisk aktiv jobb.
  • Har sertifikat klasse B.
  • Har hjullastar- og truckførarbevis.
  • Har kjennskap til MS Office.
  • Har gode norskkunnskapar.

Det er ynskjeleg at du er godt kjent i NGIR sine eigarkommunar.

Du vil få naudsynt opplæring. Ytterlegare informasjon kan du få hjå avdelingsleiar Ebba Fjeldstad på tlf 488 96 148. Søknad med CV kan sendast til ebba.fjeldstad@ngir.no.                              

Søknadsfrist:  08.09.2019

Om arbeidsgiveren

NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjons-selskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. I tillegg tilbyr selskapet avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Lindås kommune, om lag 35 min frå Bergen sentrum. NGIR har om lag 60 tilsette.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Transport og sjåfør,
Driftsoperatør/vaktmester,
Logistikk og lager

Nøkkelord

sjåfør, operatør, truck

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ebba Fjeldstad
Stillingstittel
Avdelingslear sorteringsanlegg
Mobil
Vis telefonnummer

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

Annonseinformasjon

FINN-kode 155101788
Sist endret 27. sep. 2019 17:08

Rapporter annonse