Inaktiv

NGIR søkjer etter operatør/servicemedarbeidar 100 % stilling

Arbeidsgiver
NGIR
Stillingstittel
Operatør/servicemedarbeidar
Frist
08.09.2019
Varighet
Fast

NGIR søkjer etter operatør/servicemedarbeidar i 100 % stilling.

Stillinga er ledig frå 1. oktober, men det er ynskjeleg med tidlegare oppstart (for overlapp/opplæring).

 

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudsakleg manuell sortering av papir, papp og plast ved NGIR sitt sorteringsanlegg i Kjevikdalen.
  • Mottak/kvalitetskontroll av avfall.
  • Køyring med hjullastar og truck.
  • Kunderettleiing på NGIR sine gjenvinningsstasjonar.
  • Tilsyn og rydding.
  • Lasting og lossing.

 

Stillinga inngår i ein fast oppsett vaktplan, som fylgjer NGIR sine opningstider, og har hovudsakleg oppmøtestad i Kjevikdalen. Det må i tillegg påreknast noko kvelds-/laurdagsarbeid, med oppmøtestad Kjevikdalen, Manger, Mjåtveit eller Litlås gjenvinningsstasjon.


NGIR søkjer ein person som:

  • Er serviceinnstilt, imøtekomande og med gode evner til å kommunisera med kundar.
  • Er fleksibel, initiativrik og med evne til å jobba både sjølvstendig og i team.
  • Likar å vera ute og ha ein fysisk aktiv jobb.
  • Har sertifikat klasse B.
  • Har hjullastar- og truckførarbevis.
  • Har kjennskap til MS Office.
  • Har gode norskkunnskapar.

 

Du vil få naudsynt opplæring. Ytterlegare informasjon kan du få hjå avdelingsleiar Ebba Fjeldstad på tlf 488 96 148. Søknad med CV kan sendast til ebba.fjeldstad@ngir.no.                              

 Søknadsfrist:  08.09.2019

Om arbeidsgiveren

NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjons-selskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. I tillegg tilbyr selskapet avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Lindås kommune, om lag 35 min frå Bergen sentrum. NGIR har om lag 60 tilsette.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Lindåsvegen 1260,
5956 Hundvin
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Logistikk og lager,
Maskinfører og -operatør

Nøkkelord

operatør, sortering, truckfører

Rapporter annonse

FINN-kode
155099098
Sist endret
9. sep 2019 00:04

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ebba Fjeldstad
Stillingstittel
Avdelingslear sorteringsanlegg
Mobil
Vis telefonnummer

Søk her

Frist
08.09.2019

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
155099098
Sist endret
9. sep 2019 00:04