Utløpt

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Rådgjevar ferjedrift
Frist
08.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Ferje- og forvaltningsseksjonen har eit operativt byggherreansvar for ferjedrift på riksvegferjesambanda i Region vest, og på vegne av fylkeskommunane utfører vi også dette i Sogn og Fjordane, Rogaland, Vest-Agder og Buskerud.

Frå 01.01.2020 vil ansvaret være knytt til riksvegsamband, og regionen vil bli ein del av divisjon Veg .

Ferje- og forvaltningsseksjonen har i dag 4 rådgjevarar som arbeider med ferjerelaterte saker i Region vest. Vi har kompetanse innanfor faga, ferjedrift, økonomi, anskaffingar, logistikk, kontraktsoppfølging og HMS.

Vi søkjer primært etter kandidatar med lang og relevant erfaring frå sjølvstendig utgreiings- og sakshandsamingsarbeid innafor arbeidsoppgåvene som er lista opp under. Vi er likevel opne for søkjarar med mindre erfaring frå arbeidsområdet, men som fyller krava til formalkompetanse og personlege eigenskaper, og som har evne og motivasjon til å sette seg inn i eit nytt fagfelt.

Av spennande arbeidsoppgåver kan det nemnast at regionen har fleire samband på 0 og- lågutslepp, og at vi skal starte opp samband med ferjedrift på hydrogen. Norges første og nyaste batteriferje inngår også i ferjeflåten. Dei største ferjene i Norge inngår også i kontraktsporteføljen.

Kontorstad er Stavanger, Leikanger eller Bergen.


Arbeidsoppgåver

Avhengig av søkjar sin bakgrunn kan aktuelle arbeidsområde vere:

Utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver knytt til:

  • kontraktsoppfølging inkl. stikkprøvekontrollar på t.d forbruk av energi
  • ferjeselskapa sine operative verksemd med omsyn til ferjetakstar, rutetider og korrespondanse
  • innhenting av grunnlagsdata for komande konkurransar
  • utarbeiding av konkurransegrunnlag, anbodsutlysing og evaluering av anbod
  • oppfølging av rederi i perioden før og etter kontraktsoppstart, herunder også byggefase av nye fartøy.
  • Organisering av driftsmøte med ferjeselskapa 

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet eller høgskule (t.d. innan, tekniske fag), minimum 3 år. Det er òg ønskjeleg med 3-4 års relevant praksis fortrinnsvis innan maritim sektor/forsyningssektoren.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Kjennskap til samferdslesektoren og erfaring med offentleg innkjøpsreglement er ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad.

Førarkort kl. B

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

 

Stillinga krev:

  • gode samarbeidsevner
  • god analytisk evne
  • fleksibel, initiativrik og løysingsorientert organisering av eige arbeid
  • gode kommunikasjonsevner på norsk både skriftleg og munnleg
  • evne og vilje til å yte service både internt og eksternt

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

  • Vi tilbyr òg desse goda:
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår


Søknad

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering 

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson - Hjalmar Olseth, mobil 90845139 


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing. 

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6861 Leikanger
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Marinteknikk / Naval architecture,
Teknisk personell
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6861 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 155095596
Sist endret 16. aug. 2019 15:31

Rapporter annonse