Utløpt

Til spennande og meiningsfull leiarstilling søkjer vi;

Arbeidsgiver
Voss Kommune
Stillingstittel
Rektor - Voss Ungdomsskule
Sted
Voss
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Voss ungdomsskule har 450 elevar, som er delt på 6 klassar på kvart trinn. Skulen har dyktige tilsette med høg sosial og fagleg kompetanse. Målet vårt er at alle elevane skal oppleve meistring og læring kvar dag. Skulen ligg sentralt på Voss, ved Prestegardsmoen og det fine Vangsvatnet.

Voss Ungdomsskule si leiing er samansett av rektor, 2 assisterande rektorar og kontorleiar. I tillegg har skulen 160 % merkantil ressurs og kvart trinn har ein rådgjevar som jobbar tett med trinnansvarleg. Skulen har og eigen spesialsjukepleiar.

"Vossaskulen" byggjer på kvalitetsbevisste vaksne som er opptekne av å skape gode, inkluderande og trygge skulemiljø, og ein skule der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag og
vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.

DINE ANSVARSOMRÅDER: 
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Fremje arbeidsglede, sjå den enkelte medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere serviceinnstilt og oppteken av å skape gode tenester for brukarane
- Bidra aktivt til at skuleeigar når sine mål og intensjonar

DINE ARBEIDSOPPGÅVER:
- Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing og som bidreg til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap
- Leie arbeidet med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø
- Økonomi og personalansvar
- Leie og motivere dyktige tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling
- Forvalte skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
- Fylgje opp kommunale og statlege føringar for grunnskuleopplæringa

DINE KVALIFIKASJONAR:
- Du har relevant høgare utdanning og solid lærar / leiarerfaring
- Du har eit moderne syn på læring og framtidsretta pedagogikk, har god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å nytte denne kunnskapen i eigen praksis
- Du har gode digitale ferdigheiter
- Du er i stand til å bygge gode kollektive lag
- Rektorutdanning / leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR: 
- Du er ein synleg leiar som kan stå fram og vise retning
- Du kommuniserer godt, skapar tillit og er i stand til å bygge gode kollektive lag
- Du er i stand til å bygge gode relasjonar med elevane og dei tilsette
- Du er i stand til å ivareta tilsette, elevar og føresette godt og hensiktsmessig
- Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har god arbeidskapasitet
- Du er modig, har god gjennomføringsevne og interesse for endringsarbeid
- Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og tidvist høgt arbeidspress

ME TILBYR: 
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og mellom grunnskulane i kommunen
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Nysgjerrig?

Vi tar gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter på mob. 95 88 22 99, eller Ørjan Hummelsund på mob.91 31 19 91. Du kan og kontakte Kristin H.Takvam Rekve, Leiar grunnskule, mob. 99 20 71 98 eller Frode Monsen, Kommunalsjef Oppvekst, mob. 41 12 24 32, om ønskjeleg. 

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet får om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.

Tiltredelse
01.01.2020 / Etter avtale
Sektor
Offentlig
Sted
Olavsvegen 5,
5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Undervisning og pedagogikk / Inspektør,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

Rektor, undervisning, ledelse, Pedagog, skole

Rapporter annonse

FINN-kode
155085649
Sist endret
21. aug 2019 11:31

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Edvard Thormodsæter
Telefon
958 82 299
Kontaktperson
Frode Monsen
Telefon
411 22 432
Følg firma
172 følger dette firmaet

Olavsvegen 5, 5700 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
155085649
Sist endret
21. aug 2019 11:31