Utløpt

Vi søker kontrollørar med interesse for trafikktryggingsarbeid

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Køyretøykontrollørar, Bergen og Førde
Frist
27.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillingane

Statens vegvesen arbeidar etter nullvisjonen, med eit delmål for 2010-2019 der drepne og hardt skadde i trafikken skal reduserast med minst ein tredel innan 2020.

Trafikant- og køyretøyavdelinga bidreg aktivt til visjonen gjennom m.a. målretta kontrollverksemd av tunge og lette køyretøy i kontrollhall og på veg og vi søkjer no etter køyretøykontrollørar med interesse for trafikktryggingsarbeid køyretøy til stilling i Bergen og i Førde.

Arbeids- og ansvarsområder:

Som køyretøykontrollør skal du gjennomføre kontroll av tunge og lette køyretøy hovudsakeleg i kontrollhall, men også på veg.

Du får også ansvar for sakshandsaming og informasjonsverksemd knyta til køyretøy.

Du vil inngå i ei faggruppe med 22 kontrollørar som har tenestestad i Nordfjordeid, Førde, Voss og Bergen. Noko reiseverksemd må påreknast,


Kvalifikasjonskrav

Som køyretøykontrollør må du ha god kompetanse innanfor tekniske fag, Vi søkjer difor etter deg som har utdanning som ingeniør innan mekaniske fag, og/eller fagbrev som bilmekanikar eller annan relevant utdanning, samt erfaring som mekanikar. Det er ønskeleg med min. 2 års relevant arbeidserfaring og gjerne med tyngre køyretøy.

Interesse for køyretøy og handheving av regelverk er ein føresetnad, og erfaring frå verkstadbransjen er ønskeleg. Grundig opplæring gjennom etaten si Trafikant- og køyretøyutdanning vil bli gjeve.

Stillinga inneber mykje kontakt med kundar og gode kommunikasjonsferdigheiter er ein føresetnad for å lukkast i stillinga. Du må difor beherske norsk skriftleg og munnleg, og ha kunnskap i andre språk som til dømes engelsk og tysk vil vere ein fordel.

Det er vidare ein føresetnad at du beherskar godt data som arbeidsverktøy, og har minimum førarkort klasse B/BE. Du må fylle krava til å kunne erverve førarkort i tyngre klasser. Vandelsattest må kunne framleggast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vil i tillegg særleg vektleggje personlege eigenskapar og haldningar, så som;

  • kunne sjå viktigheita av myndighetsoppgåva og utøve dette på ein god måte
  • kunna arbeida systematisk og nøyaktig etter gjeldande regelverk
  • evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre
  • evne til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • god sjølvinnsikt og høg integritet

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til faglig påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 


Kontaktperson og søknad

Kontaktperson: Leiar for køyretøy 2, Siv Hanne Eikestad, tlf.55 51 66 09 / Mobil:468 23 603

Søknad:

Oppgi om du søkjer stillinga i Bergen eller Førde, eventuelt begge stader.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sanderplassen 6, 6800 Førde
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Mekanisk,
Teknisk personell
Følg firma
445 følger dette firmaet

Sanderplassen 6, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 155054769
Sist endret 16. aug. 2019 07:53

Rapporter annonse